Olav Benum () var ein norsk gardbrukar, agronom og politikar frå Beitstad i Nord-Trøndelag. Han var stortingsrepresentant for Venstre frå 1945 til 1961, og fylkesordførar i Nord-Trøndelag 1966–67.
Benum var son til ein folkehøgskulestyrar, og gjekk sjølv Namdal folkehøgskole 1914–15, Mære landbruksskole 1915–17 og vart i 1919 utdanna sivilagronom frå Noregs landbrukshøgskule. Deretter var han gardsstyrar og timelærar ved Namdal folkehøgskole, og åra 1924-29 oppkjøpar for Statens kornforretning. I 1932 tok han over garden Havik i Vemundvik ved Namsos. Seinare var han fylkesagronom i Nord-Trøndelag 1941–42 og 1945–62.
Benum var ordførar i Vemundvik i åra 1938–41 og 1945. Under andre verdskrigen sat han ei kort tid fengsla av den tyske okkupasjonsmakta. Han flykta så til Sverige, der han 1942-25 arbeidde ved Den norske legasjon i Stockholm.
I 1945 vart han vald inn på Stortinget frå Nord-Trøndelag, der han hadde fast plass til 1961. Heile tida han var tingmann, var han medlem av landbrukskomitéen.
Benum var fylkesvaraordførar i Nord-Trøndelag i 1963, og medlem av Namsos bystyre 1963–71. Etter at Johan A. Vikan vart formann i Norges Bondelag i 1966, tok Benum over som fylkesordførar, ein posisjon han hadde ut året 1967.
Frå 1959 var Benum riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Fylkesordførarar i Nord-Trøndelag Kategori:Fylkesordførarar frå Venstre Kategori:Ordførarar i Vemundvik Kategori:Venstreordførarar i Nord-Trøndelag Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Studentar ved Noregs landbrukshøgskule Kategori:Norske agronomar Kategori:Folk frå Steinkjer