Ivar Kristoffer Strompdal () var ein norsk lærar og forfattar frå Velfjord i Nordland. Knut Strompdal var bror hans.

Strompdal voks opp på ein veglaus, einbølt gard. Han utdanna seg til lærar i Tromsø, tok eksamen i 1908 og var skolelærar i Velfjord fram til 1922. Åra 1922-27 arbeidde han i Orkdal i Sør-Trøndelag. Sidan var han folkeskolelærar i Vefsn fram til han døydde i 1953, busett i Mosjøen.

Strompdal gav i 1933 ut ungdomsboka Arven, ei forteljing på 80 sider der hovudfigurane er to halvvaksne gutungar som veks opp i eit miljø som minner mykje om forfattarens eigen bakgrunn. Boka kom ut i nytt opplag på Norsk Barneblads Forlag i 1945, med framsideillustrasjon av Jens R. Nilssen. Strompdal skreiv fleire ungdomsbøker; Karisonen (1935), Stein og Ståle (1943), Tyssedalsborna (1945) og Skatten i Lomsdal (1948).

Forfattarskap 1933: Arven – Norsk Barneblads forlag, Oslo. 83 sider. (nytt opplag 1945) 1935: Karisonen 1943: Stein og Ståle 1945: Tyssedalsborna 1948: Skatten i Lomsdal

Kjelder Norsk Alkunnebok X. 1965

Kategori:Norske ungdomsbokforfattarar Kategori:Folk frå Brønnøy Kategori:Folk frå Vefsn Kategori:Nynorsk i Nord-Noreg