Skepi var eit kreolspråk basert på zeeuws som vart brukt i området rundt Essequibo i Guyana. Skepi-språklege og berbice-nederlandskspråklege kunne ikkje forstå kvarandre.
Språket vert rekna som utdøydd, den siste som snakka språket døydde i 1998. Guyana er ein tidlegare nederlandsk koloni der Det nederlandske austindiakompaniet dreiv handel med plantasjeeigarar frå Zeeland. Språket vart brukt av slavar frå desse plantasjane og etterkommarane deira.
Døme Ek we stekkie brot Nederlandsk: Ik wil een stukje brood Norsk: Eg vil ha ei skive brød
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Skepi» frå , den 2. desember 2015.
Kategori:Nederlandsk språk Kategori:Pidgin- og kreolspråk Kategori:Språk i Guyana