Claudia Ambrosia Olsen () var ein norsk politikar for Høgre. Ho var innvald på Stortinget frå Vestfold 1945–1961 og markerte seg som Høgre sin fremste sosial- og kvinnepolitiske talsperson i heile perioden sin der. Allereie frå ungdomen var ho sterkt interessert i humanitære, sosiale og religiøse spørsmål. Ho vart òg rekna som ein feminist lengje før kvinneopprøret i 1970-åra. Olsen var den første kvinna som vart formann i ein av Stortinget sitt fagkomiteer, nemleg i Stortingets helsekomité i 1945. Seinare var ho 2. viseformann i Høgre 1954–1958 og formann i Høyrekvinnene 1958–1966.
Bakgrunn og yrkeskarrière Ho var dotter av sjømann Andreas Olsen (1848–1910) og Tellefine Christensen (1865–1939). Claudia Olsen vart verande ugift livet ut. Utdanninga hennar bestod av, forutan folkeskolen, folkehøgskole 1914–1915 og deretter handelsskole 1917–1918. Ho var assistent ved Tønsberg rasjoneringskontor i 1916, bokhaldar i firmaet Hans A. Bugge Co. 1918–1922, sekretær ved Tønsberg likningskontor 1922–1927 og dessutan kasserar ved Tønsberg Aktietrykkeri, der Tønsbergs Blad vart trykt, frå 1927.
Politisk arbeid Ho var medlem av Tønsberg bystyre 1928–1931 og 1933–1945, av dette skulestyret 1932–1934 og formannskapet 1933–1945. Ho hadde ei lang rekkje tillisverv i partiorganisasjonen, mellom anna styremedlem og seinare viseformann i Tønsberg Høgre frå 1932, formann i Tønsberg Høgrekvinner 1938–1947, formann i Vestfold Høgrekvinner 1938–1947, medlem av Høgres sentralstyre i 1945 og 1954–1966, viseformann i Høgrekvinnene 1945–1954, medlem av Høgres programkomité i 1947 og 1951, 2. viseformann i Høgre 1954–1958, medlem av Høgres landsstyre 1958–1966 og formann i Høgrekvinnene 1958–1966.
Føre stortingsvalet 1945 vart Olsen løfta fram som kandidat under nominasjonen av Realph Norland. Ved valet same år vart ho innvalgt på Stortinget frå kjøpstadene i Vestfold, altså Holmestrand, Horten, Larvik, Sandefjord, Stavern og Tønsberg. Den første talen sin på Stortinget vigde ho sjømennene og kåret til ektefellane deira. Sjøfolka og især krigsseglarane vart Olsens merkesak attåt trygdepolitikken. Ved handsaminga av saka om Nortraships løynlege fond i Stortinget i 1948 røysta Olsen mot regjeringa og saman med kommunistane for at sjøfolka skulle få utbetalt dei hyrene som hadde vorte halde attende.Vetlesen, 1981, s. 14
Ho var tungt involvert i det trygdepolitiske arbeidet fram til innføringa av Folketrygda i 1967, men ho var òg spesielt engasjert i forsvarspolitikk. Under ein debatt i 1950-åra vart Olsen skildra som «det eneste mannfolk i Høyres stortinggruppe» av Sverre Løberg frå Arbeidarpartiet. Olsen vart formann i Stortingets helsekomité i 1945, som den første kvinnelege komitéformannen i Stortingets historie, og heldt fram som nestformann og medlem i Stortingets sosialkomité då Helsekomiteen inngjekk i denne frå 1950.
Utmerkingar Ho var riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden frå 1961, kommandør av den svensken Vasaorden og innehavar av Norges Forsvarforenings hederstegn.
Stortingskomitear 1958–1961 medlem i Valkomiteen 1958–1961 medlem i Sosialkomiteen 1954–1957 medlem i Valkomiteen 1954–1957 medlem i Sosialkomiteen 1950–1953 medlem i Valkomiteen 1950–1953 nestformann i Sosialkomiteen 1945–1949 medlem i Valkomiteen 1945–1949 formann i Helsekomiteen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Claudia Olsen» frå , den 19. desember 2015.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Lokalpolitikarar i Tønsberg Kategori:Folk frå Tønsberg Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold-byane Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Vasaordenen