Inger-Lise Skarstein () er ein norsk politikar for Høgre. Ho vart innvald på Stortinget frå Hordaland i 1977. Ho er òg kjent for å ha vore kanalvert i NRK. I 1959 vart ho den første kanalverten i NRK TV, og var blant anna hallodame (TV-vertinne) den første kvelden NRK sende offisielle sendingar 20. august 1960.Norges første kjendis av Unn Conradi Andersen, Dagbladet.no 18. mars 1999 Ho var i nærare sju år styreleiar i stiftelsen Norsk Kulturarv.Styret, Norsk Kulturarv, besøkt 16. desember 2009. Skarstein var medlem av fylkestinget i Hordaland 1975-1979. Ho har hatt ei rekkje andre verv, blant anna som leiar av Byggeskikkutvalet til Staten, styremedlem i landsstyret for Noregs Naturvernsforbund og styremedlem i Fortidsminnesamskipnaden sin hovedstyre. I 1998 vart ho tildelt Kongen sin fortenstemedalje i gull for innsatsen sin for friluftsliv, naturvern og kultur gjennom engasjementet sitt i frivillige organisasjonar og i politisk arbeid.Bergens Tidende, 28. november 1998.
Inger-Lise Skarstein er gift med kringkastingsmannen Jakob Skarstein.
Stortinget sitt presidentskap 8. oktober 1981–30. september 1985 - Første varapresident i Odelstinget
Stortingskomitéer 1985–1989 - medlem i Samferdslekomitéen 1981–1985 - sekretær i Samferdselskomitéen 1981–1985 - mellombels nestformann i Samferdselskomitéen 1981–1985 - sekretær i Samferdslekomitéen 1977–1981 medlem i Kommunal- og miljøvernkomitéen
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Inger-Lise Skarstein» frå , den 19. desember 2015.
Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi
Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre