Anders Hove () var ein norsk lærar og politikar frå Fåberg i Oppland, som representerte Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1945 til 1957.

Hove var son til ein gardbrukar og tok eksamen ved amts-landbruksskulen i 1906. Tre år seinare tok han eksamen ved Hamar lærarskule og skulte del neste to åra i Valset i dåverande Romedal herad. Frå 1911 arbeidde han i skulen i Lillehammer heilt til han vart vald inn på Stortinget hausten 1945, formelt til 1955. Før han vart vald til tingmann sat Hove fleire periodar i bystyret og formannskapet i Lillehammer, og hadde elles mange ulike tillitsverv, som til dømes styreformann i Lillehammer samvirkelag 1928-46 og i avisa Dagningen 1932-48.

Hove vart vald inn på Stortinget som representant for kjøpstadene i Hedmark og Oppland, og vart attvald frå same krinsen i 1949. Ved stortingsvalet 1953 var ordninga med by- og landkrinsar oppheva, og Hove vart vald å representere Oppland fylke. I alle tre periodane på Tinget var han medlem av Kyrkje- og undervisningskomiteen.

Kjelder Norsk Allkunnebok. 1955 Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Hedmark og Oppland Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Lokalpolitikarar i Lillehammer Kategori:Ap-politikarar i Oppland Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Folk frå Lillehammer