Mons Arntsson Løvset () var ein norsk gardbrukar, redaktør og Høgre-politikar fødd i Byneset i Sør-Trøndelag. Han var stortingsmann 1950-61.
Liv og gjerning Løvset var son til ein gardbrukar i Børsa. Han gjekk ut frå mellomskulen i 1912 og vart student i 1914. I 1915-16 studerte han teologi for å verte prest, men braut av studiet og gjekk handelsskule 1916-17. Dei neste fem åra var han avdelingssjef i Den Norske Krigsforsikring for Skib.
Frå 1922 var Løvset gardbrukar på farsgarden Eli i Børsa. Seinare var han i tillegg likningssjef i heradet og bankrevisor, og åra 1933-40 også redaktør av Fosens Blad i Trondheim.
Løvset var i si tid formann i Børsa Idrettslag og i Børsa skogeierlag, samt 1939-57 i Børsa kaiselskap. Han var elles styreformann i Orkla Trekonstruksjon og Impregnering A/S, rådsmedlem i A/S Vinmonopolet, nestformann 1946-55 i represesentantskapen i A/S Adresseavisen og nestformann 1947-56 i representantskapen i A/L Trøndermeieriet. Nokre år var han også formann i Norsk grunneigar- og sjølaksfiskarlag avdeling Trøndelag.
Løvset var sekretær for fylkespartia i Høgre i Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag 1928–58, medlem i Børsa heradsstyre 1948–53, medlem av landsstyret i Høgre 1946–58, og av sentralstyret 1950–58. Åra 1952-57 styrte han Høgre sin opplysningsorganisasjon. Perioden 1950-61 representerte han Sør-Trøndelag og Høgre på Stortinget. I alle dei 12 sesjonane var han medlem i Landbrukskomitéen.
Mons Løvset døydde i Børsa.
Kjelder Stortingsibiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Lokalpolitikarar i Børsa Kategori:Høgrepolitikarar i Sør-Trøndelag Kategori:Folk frå Skaun