Grindavík er ein tettstad og kommune (sveitarfélag) i regionen Suðurnes på Island. Han ligg på Reykjaneshalvøya sørvest på Island og hadde 2 821 innbyggjarar i 2011. Fiske er den viktigaste næringsvegen. Den blå laguna ligg 5 kilometer unna byen.

I november 2023 blei det erklært unntakstilstand og byen blei evakuert grunna aukande og sterk seismisk aktivitet. 18. desember 2023, rundt klokka 22:00 lokal tid (GMT), hadde Sundhnúkur vulkanutbrot. Utbrotet fann stad nær Hagafell, rundt 3 km nordaust for Grindavík. Vulkanen hadde eit nytt utbrot 8. februar, denne gongen like ved byen, og lavaflaumen øydela nokre bygningar og infrastruktur. Innbyggjarane i Grindavík var framleis evakuerte. 20. februar fekk innbyggjarane løyve til å venda heim, men 2. mars blei Grindavík evakuart att på grunn av ny seismisk aktivitet.

Grunna dei mange evakueringane og den usikre situasjonen bur det færre folk i Grindavík enn før. Ved eit utbrot i juli 2025 var det folk i rundt 50 hus. Bebuarar held til i byen på eigen risiko.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Grindavík» frå , den 4. april 2016. Bakgrunnsstoff

Kategori:Kommunar på Island