Unserdeutsch (‘vårt tysk’) er eit kreolspråk med opphav frå Rabaul i Papua Ny-Guinea. Det er det einaste kreolspråket med tysk opphav. John Holm, 1989, Pidgins and Creoles, vol. 2: Reference Survey Språket oppstod omkring 1897 blant barn som gjekk på ein katolsk misjonsskule i Vunapope, ein bydel i Kokopo (som då heitte Herbertshöhe) i dåverande Tysk Ny-Guinea. Barna på denne barneheimen var av blanda opphav, mange av dei hadde tysk far. Etter at Papua Ny-Guinea vart sjølvstendig nasjon, valde dei fleste unterdeutschtalande å flytte til Australia. I dag er ikkje språket brukt av meir enn 100 menneske, og dei fleste av desse er tospråklege.
Eksempel
Substantiv blir ikkje inndelte i grammatisk kjønn. Den bundne artikkelen er alltid «de» – som i de Mann, de Frau, de Haus. I unserdeutch blir ordet «alle» brukt for å markere fleirtal: «Alle Kinder muss ni geht schwimmen» (høgtysk: Die Kinder sollen nicht schwimmen gehen). Spørjeord står sist i setningane: «Du laufen geht wo?» (Wohin läufst du?).Die Welt: Wie Kinder aus Neupommern eine Sprache erfanden Mange einskildord er henta frå engelsk, til dømes «aufpicken», av pick up i staden for det tyske abholen.
Kjelder
Kategori:Språk i Australia Kategori:Pidgin- og kreolspråk Kategori:Tysk språk Kategori:Einskildspråk