Distriktet Levkosía er eit distrikt i Republikken Kypros. Distriktet ligg sentralt på øya Kypros og har eit areal på 2 714 kvadratkilometer.
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den nordlege delen av distriktet vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, fordelt på distrikta Lefkoşa, Güzelyurt og frå 2016 Lefke. Landsbyen Dénia ligg i FNs buffersone på Kypros.
Folketal Utviklinga av folketalet i distriktet (frå 1976 er ikkje dei områda som er administrerte av Nord-Kypros medrekna): År Folketal Kjelde 1901 71 289 1921 93 765 1931 110 010 1946 145 965 1960 204 283 1973 232 702 1976 191 345 1982 210 684 1992 244 779 2001 273 642 2011 326 980 2021 350 035
Administrasjon Distriktsadministrasjonen i byen Levkosía (Nikosia) representerer den kypriotiske staten i distriktet. Fungerande leiar for distriktsadministrasjonen (gresk έπαρχος, éparkhos) er (i 2016) Mários Panajídis.
Kommunar og busetnader Distriktet har tolv kommunar, av desse ligg to heilt i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, medan to har innbyggjarar på båe sider. Dei kommunane som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2021 i parentes):: Aglandziá (21 544) Dáli (12 350) Éngomi (20 504) Jéri (9 706) Lakatámia (43 111) Latsiá (18 587) Stróvolos (70 823) Tséri (8 304)
Kommunane som er kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes): Mórfou (Güzelyurt) (7 465) Kythréa (Değirmenlik) (3 284)
Desse kommunane har innbyggjarar på båe sider: Levkosia (Lefkoşa, Nikosia) (Republikken Kypros 56 479 (2021), Nord-Kypros 37 115 (2011)) Ájos Dométios (Aydemet) (Republikken Kypros 12 906 (2021), Nord-Kypros 2 314 (2011))
Utanom kommunane har Levkosía 162 registrerte busetnader, av desse ligg 49 i område som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Dei største busetnadene som er under kontroll av styresmaktene, er (innbyggjartal 2021 i parentes):
Dei største busetnadene som er heilt kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros, er (innbyggjartal 2011 i parentes):
To busetnader hadde innbyggjarar på båe sider i 2011, men er ikkje registrerte separat i folketeljinga i Republikken Kypros i 2021: Páno Zódia (Yukarı Bostancı) (Republikken Kypros 15, Nord-Kypros 1 495) Louroukína (Akıncılar) (Republikken Kypros 11, Nord-Kypros 390)
Eit tjuetals busetnader, dei fleste i eller nær buffersona mellom dei områda som er kontrollerte av republikken Kypros, og dei områda som er administrerte av Nord-Kypros, er heilt eller nesten heilt fråflytta.
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Levkosia