Sheikhupura er ein by i Panjab i Pakistan. Han ligg rundt 4 mil nordvest for Lahore.Kot Dayal Das

Namnet på byen skal koma frå Djahangir av Mogulriket, som blei kalla Sheiku av far sin, Akbar den store. Byen er kjend for Qila Sheikhupura, som skal ha blitt bygd under stormogul Djahangir. Det er sikkert at han bygde tårnet Hiran Minar og ein jaktbustad først på 1600-talet. Både Djahangir og sonen hans, Sjah Djahan, vitja staden fleire gonger.

Inne i festningen finst fleire haveliar (herskapshus) frå sein mogultid og Sikh-riket. Ein av dei som budde her var maharani Datar Kaur som var gift med sikh-maharadjae Ranjit Singh.

Kjelder

Kategori:Byar i Pakistan Kategori:Panjab i Pakistan