Synnøve Thoresen () er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Simostranda IL som vann eitt verdscuprenn.

Den 15. mars 1988 overraska Thoresen ved å vinne 7,5 km sprint i verdscupen i skiskyting i finske Jyväskylä. I 1989 gjekk ho på det norske laget som tok sølvmedaljar i lagtevlinga i verdsmeisterskapen, dei andre på laget var Elin Kristiansen, Anne Elvebakk og Mona Bollerud. Året etter kom ho på sjetteplassen på 15 km under VM i skiskyting 1990 i Minsk, hennar fremste individuelle prestasjon i eit stort internasjonale meisterskap. Under skiskytings-VM 1991 i Lahti tok ho nok ein medalje i lagtevlinga, den gongen saman med Signe Trosten, Hildegunn Fossen og Unni Kristiansen.

I tida 1987-91 sikra Thoresen seg tre sølv- og to bronsemedaljar i noregsmeisterskap i skiskyting. Ho la opp etter 1993-sesongen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Synnøve Thoresen» frå , den 6. mai 2016.

Sportboken, aktuelle årgangar.

Kategori:Norske skiskyttarar