mini|Jernvinne frå yngre jernalder mini|Sigd og halsring i jern frå England. Jernframstillinga i Noreg har føregått i over 2000 år. Dei fyrste spora etter denne verksemda er restar etter jernvinneomnar datert til før-romersk jernalder.Tveiten, O. 2005. Utkant eller egg? Jernutvinning i Møre og Romsdal i førhistorisk tid og mellomalder. Bergen. Upublisert hovudfagsoppgåve ved Universitetet i Bergen. s. 22" Ein har nytta fleire ulike framstillingsteknikkar, men prinsippet har likevel vore det same heilt til den moderne masomnen tok over for fullt i Noreg for rundt 200 år sidan.

Spor etter jernproduksjonen utgjer ein stor del av kulturminna. Jernframstillinga føregjekk som oftast nær myr i utmark, område som er lite attraktive med tanke på jordbruk. Dette gjer at jernframstillingsplassane i mange tilfelle har fått liggje urørt, og dei er difor godt egna til arkeologiske undersøkingar. Dessutan er kolgroper og spor etter jernvinna funksjonelle fornminne, og skil seg ut frå til dømes gravminne og helleristningar som er tolka som meir intensjonelle fornminne. Område med intensiv jernframstilling kan difor gje oss eit godt bilete av dei økonomiske og sosiale tilhøva i jernalder og mellomalder.

Kjeldegrunnlag og teknologi Forståinga av teknologi er ein viktig føresetnad for å forstå dei arbeidsprosessane som inngjekk i jernframstillinga. Me kan sjå kva landskap som gjorde jernframstillinga mogleg, og dermed kvar me kan vente å finne spor etter jernvinneomnar. Me kan også vurdere kor mykje arbeid og tid som trongst for å produsere jern. Ved å undersøke eit område der det har vore jernframstilling i førhistorisk tid, vil informasjonen ein får kunne strekke seg langt forbi det reint teknologiske. Til dømes kan talet på gardsbruk i området og storleiken på årsproduksjonen av jern i det aktuelle tidsrommet, gjere det mogleg å undersøke om produksjonen av jern var større enn det som trongst i det lokale miljøet.

Råstoffa ein treng til produksjonen av jern er myrmalm og tre, men prosessen som fører til det ferdige jernet er likevel komplisert. Sjølv med all kunnskapen me i det moderne samfunn har om metallurgi, har ingen i nyare tid klart å framstille godt og smibart jern på same måte som dei gjorde i jernalderen og mellomalderen.Espelund, A. 2005. Bondejern i Noreg. Jernvinna i tid og rom. Trondheim. s. 152 Det meste av informasjonen me har om den teknologien som var i bruk i jernframstillinga har me frå undersøkte jernframstillingsområde. I tillegg har me ulike skriftlege kjelder, til dømes lovtekstar og sagaer frå mellomalderen. Den skriftlege kjelda som har gitt oss den grundigaste innføringa i teknologien ved jernframstilling var ei bok utgjeven i 1790 av Ole Evenstad.Espelund, A. 2004. Jernet i Vest-Telemark der tussane rådde grunnen. Trondheim. s. 62 Her skildrar Evenstad jernframstillingsmåten som vart nytta på 1700-talet. Omnstypen han beskriv har seinare vorte kalla evenstadomnen. Denne omnen var den siste i rekka av «småskala»-omnar, før dei moderne masomnane tok over for rundt 200 år sidan._

Framgangsmåte mini|Smelta jern frå ein moderne stålfabrikk. Ved jernvinne i Noreg blei jernet produsert under smeltepunktet. Reint teknisk er det som skjer ved produksjonen av jern at ein fjernar oksygenatom frå malmen som jernoksid, i fyrste omgang ved røsting av malmen.Narmo, L.E. 1997. Jernvinne, smie og kullproduksjon i Østerdalen. Oslo. s. 8 Ved røsting brenn ein bål under myrmalmen for å fjerne jord og liknande og klargjere malmen til den vidare prosessen. Evenstad fortel om åtte ulike typar myrmalm, og for å teste malmen skulle ein tygge på den. God malm skulle klebe til tennene. Etter røstinga vart malmen lagt i ei omnssjakt med trekol, som ved forbrenning danna gassen karbonmonoksid og fjerna oksygen frå malmen. Her vart malmen redusert og det vart framstilt jern, samt avfall kalla slagg.

Jernet i jernvinna vart framstilt etter den såkalla «direkte metoden», det vil seie at jernet vart framstilt under smeltepunktet. Dette førte til eit lågt karbonopptak og gjorde jernet godt eigna til smiing. Myrmalm passar ypparleg til denne metoden fordi det inneheld ureiningar med eit lågare smeltepunkt enn det jernet har.

I jernalderen var det to hovudtypar av jernvinneomnar i bruk, desse var gropsjaktomn og sjaktomn med slaggavtapping. Gropsjaktomn vart tatt i bruk tidleg i eldre jernalder. Sjakta i denne omnstypen var ca 60-100 % større i diameter enn i sjaktomn med slaggavtapping. Dette var fordi treet vart omdanna til kol i sjølve omnen.

I gropsjaktomnar rann slagget ned og størkna i ei grop under sjakta og danna slaggblokkar. Mellom 600 og 700 e.kr. skjedde det ei endring i jernvinneteknologien. Gropsjaktomnen ser meir eller mindre ut til å forsvinne og sjaktomn med slaggavtapping vart tatt i bruk. Likevel er det i Østerdalen påvist ein gropsjaktomn som kan vere datert til så seint som år 1000 e.kr.

I denne nye omnstypen vart slagget, som namnet tilseier, tappa flytende ut av sjakta gjennom ein opning mot botnen, og danna renneslagg. I gropsjaktomnen ser det ut til at furu var veden ein i hovudsak nytta, men etter sjaktomn med slaggavtapping vert tatt i bruk ser det ut til at val av treslag har hatt mindre å seie. Gran, furu eller bjørk ser no ut til å vere likeverdige. Grunnen til dette var at i staden for å omdanne tre til kol i sjølve omnen som tidlegare, vart dette no skild ut som ein separat prosess, der treet vart omdanna til kol i kolgroper. Dette vart gjort ved å stable tørka ved i ei grop og legge eit dekke over for å avgrense lufttilførselen. Veden vart antakeleg stabla like høgt over bakken som kolgropa var djup. Lufttilførselen skulle vere så liten at noko av trekolet forbrann, men berre det som var nødvendig for å erstatte varmen som gjekk med til å drive fuktigheita ut av veden.Bloch-Nakkerud, T. 1987. Kullgropen i jernvinna øvst i Setesdal. Oslo. Ved sidan av at kolgroper var ein enkel og genial konstruksjon som gav jamn fordeling av lufttilførselen, fungerte gropa også truleg som lager for å oppbevare kolet.

Det er relativt lett å sjå forskjell på bitar av slaggblokk og renneslagg. Utan å grave kan ein dermed sjå kva omnstype som var i bruk på den aktuelle staden og på denne måten gje ei omtrentleg datering på jernvinneomnen. På liknande måte kan ein konkludere med at ein sjaktomn med slaggavtapping har vore i bruk om ein finn fleire kolgroper i nærområdet rundt jernvinneplassen.

Produksjonen av jern femna om fleire arbeidsprosessar. Aller fyrst måtte ein grave opp myrmalm og hogge ved, og begge delar måtte tørkast. Når det hadde fått tørka måtte malmen røstast, og det måtte gravast kolgroper så veden kunne forkolast. Deretter måtte ein lage sjølve jernvinna før jernblåsinga kunne byrje. Jernet var likevel ikkje klart til å bli smidd med ein gong. Jernet som vart liggande att i omnen var ikkje heilt reint, men inneheldt ureinhetar som slagg. Dette jernet er kalla blåsterjern eller jernlupp. Jernluppen måtte vidareforedlast før det kunne brukast som reiskapsmetall og denne vidareforedlinga skjedde i smier/esse. Narmo har berekna eit maksimumstap på så mykje som 50 % i vidareformidlinga av jernet til reiskapsmetall. Representasjonsproblematikken er viktig å ha i bakhovudet når ein driv med arkeologiske undersøkingar, og særskilt med jernframstillinga. Jernvinneomner er særdeles vanskeleg å sjå i terrenget, særskilt sjaktomn med slaggavtapping. Nokre jernvinner hadde tak, såkalla blestertufter. Blestertufter er mykje enklare å sjå i terrenget enn jernvinner utan tufter, blestertufter kan difor vere noko overrepresentert i det arkeologiske materialet.

Jernvinne i samfunnet Menneska som levde i yngre jernalder og mellomalder i Noreg såg verda rundt seg annleis enn det me gjer i dag. Både den sosiale, religiøse og økonomiske røynda skilde seg frå dagens, me må difor vere varsame med å bruke moderne omgrep og termar når me beskriv situasjonen til menneske som levde for tusen år sidan. Førestillingsverda vart gjerne uttrykt gjennom religion, ritual og symbol, dette var antakeleg også viktig i jernframstillinga. Ein må rekne med at av og til vart jernframstillinga mislykka, sjølv om ein tilsynelatande brukte den same framgangsmåten. Truleg var det difor knytt overtru til jernframstillinga, og det er lite truleg at det berre var reint praktiske og funksjonelle faktorar som spela inn under framstillinga av jern.

Kven stod bak jernframstillinga? Jernframstilling har vore utbredt i store delar av Sør-Noreg og så langt nord som Nord-Trøndelag, medan det ikkje er funne jernvinneanlegg i Nord-Noreg. Det er vanskeleg å sei om grunnen til dette er at det ikkje har vore leita godt nok, eller om det er økologiske faktorar som har spela inn. Tilgang på myrmalm og tre var som nemnt føresetningar for kvar jern kunne framstillast. Jernvinna vart lagt til stader der ein slapp å transportere malm og ved over store avstandar. Morenejord ville vere å føretrekke, då ein måtte grave kolgroper. Dette er dei viktigaste økologiske og økonomiske avgrensingane, men ein må rekne med at sosiale og kulturelle faktorar og spela inn.

Mange jernframstillingsplassar frå eldre og yngre jernalder ligg nært noverande stølsområde. Dette har fått fleire til å konkludere med at jernvinna var driven om sommaren ved sidan av stølsdrifta. Bjørn Hougen skriv i si avhandling frå 1947 om jernutvinninga si tilknyting til setring, og i 1957 skriv Reinton i si analyse av seterbruket i Noreg at «Jarnvinna var mange stader ei seteronn som slåtten, risinga, lauvinga og mosetakinga».

Stort sett finn ein jernframstillingsstader i utmark, og ofte tett opp imot tregrensa. Denne lokaliseringa har ført til at det er blitt framlagd ein teori om at jernvinna vart driven frå fjellgardar. Dette var gardar lagt til marginale område der ein ikkje kunne overleve på jordbruket aleine, men også tok i bruk andre ressursar som til dømes jakt, fangst og jernvinne. Visse busetingshistoriske trekk i dalstrøk i Trøndelagsområdet kan gje mistanke om ein samanheng mellom jernvinne og gardsbusetnad. Området har vore busett i eldre jernalder, men har i historisk tid hatt svak busetnad, til dømes med lang audetid. Jordbruksgrunnlaget synast difor ikkje å ha vore særskild gunstig, samtidig som det finst mange spor etter jernvinne.Farbregd 1979 I marginale område med dårlege jordbrukstilhøve kunne kanskje jernframstilling skape byttemiddelet som fjellgardane trong for å byte til seg nødvendige varer som til dømes korn og salt. T. Taksdal har beskrive ein årssyklus ved ein fjellgard på Møsstrond frå ca. 1900, denne årssyklusen kan ein jamføre med alt arbeidet som omfattar jernframstillinga. Tidleg på våren vart myrmalm grave og tre felt, og låg over sommaren for å tørke. På hausten etter slåttonna vart treet forkulla og malmen røsta. Sjølve jernblåsinga vart lagt til vinterhalvåret, då det var relativt roleg og ikkje så mykje å gjera elles på garden. Denne årssyklusen kan kanskje passe godt inn i Bykle-Vinjeheia øvst i Setesdalen og Telemark i yngre jernalder og mellomalder. Området ligg rimeleg høgt og har dårlege jordbruksforhold, men har mange spor etter jernframstilling. I samband med folke- og jordbruksteljinga i 1865 blir det angitt at ein ikkje kunne rekne med at kornet vart modent oftare enn kvart femte år, altså var kornproduksjonen ustabil og det må ha vore naudsynt med import av korn. Fedrift har vore viktig i området, samt jakt, fangst og fiske. Det kan tenkjast at jernvinna og var ein viktig ressurs, på linje med fangst og fiske. Funn av jernvinner som har hatt tak, såkalla blestertufter, kan støtte teorien om at jernblåsinga skjedde i vinterhalvåret. Jernframstilling kan ha vore sesongbetont og det gjer det sannsynleg at verksemda kan ha inngått som ein del av det ordinære arbeidet på garden.