Elling Vanberg () var ein norsk forfattar og bonde frå Olden i Stryn kommune.
I ungdomen gjekk Vanberg i læra hjå den hollandske biletkunstnaren Dooijeward på Singerheimen i Olden i tre somrar (1951–53). Medan han avtente militærtenesta i Trondheim i siste halvdel av 1950-åra, tok han realskuleeksamen og byrja å ta flytimar. Men på grunn av ein kneskade måtte han leggja til sides ein gamal draum om å verta flygar. Etter Trondheim vart det gymnas og realartium på eitt år i Oslo. Seinare gjekk han eitt år på kunst- og handverksskule i Oslo.
Elling Vanberg var ein bruksdiktar, med tekstar med sterke røter i lokale tradisjonar og i det landskapet han hadde rundt seg. Nokre av dikta er skrivne på nokså rein Olden-dialekt, men i tema og motiv er det ikkje lokale grenser rundt dikta og korttekstane hans. Vanberg var oppteken av dei grunnvilkåra vi lever under, ikkje minst den viktige og vanskelege kommunikasjonen mellom menneske. Men han skreiv òg samfunnskritisk, med skarp brodd mot materialisme og underhaldningssykje. Ein sentral inspirator for både tenking og skriving var den amerikanske diktarfilosofen Henry David Thoreau og hans tankar om forholdet mellom natur og sivilisasjon.
Humoristen Vanberg synest best i dei mange folkelivsskildringane på vers, med råkande personkarakteristikkar og målande situasjonsbilete.
I 2009 kom eit utval av Vanbergs dikt på plate, tonesette og framførte av Arve Henriksen: Ellivan. På plata les Vanberg sine eigne dikt, etter opptak gjorde av NRK Sogn og Fjordane. Elles medverkar Terje Isungset, Karl Seglem, Anna Maria Friman og Jan Bang.
Gjennom dikt, korttekstar og innlegg i lokalavisene var Elling Vanberg godt kjend i Sogn og Fjordane som «Ellivan». Eit utval av tekstane hans kom i bokform etter han var død: Dei lækjande urteorda (1994), Songen om dei store slettene (1995) og Grunnsteinar (1998), alle tre redigerte og med etterord av Ove Eide.
Bibliografi Bøker
I bøker - eit utval
Lydopptak
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kjelder Om Elling Vanberg i Allkunne
Bakgrunnsstoff Om Elling Vanberg i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Forfattarar frå Stryn Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar