Tabuk (arabisk تبوك, Tabūk), òg skrive Tabouk, er det adminsitrative senteret i Tabuk-regionen nordvest i Saudi-Arabia. Han har eit folketal på 534 893 (2010).

Tabuk ligg nær grensa til Jordan. Han husar den største flybasen i Saudi-Arabia.Mackey, Sandra. The Saudis: Inside the Desert Kingdom. Updated Edition. Norton Paperback. W.W. Norton and Company, New York. 2002 (first edition: 1987). ISBN 0-393-32417-6 pbk. p.234.

Geografi og klima mini|venstre|Snø i Tabuk Tabuk har eit ørkenklima med varme somrar og milde vintrar. Temperaturen om sommaren varierer mellom 26 og 46 °C, medan han om vinteren kan ligge mellom −4 og 18°C. Snø er ganske vanleg og kan nå −6 °C. Det regnar i Tabuk-område frå november til mars med nedbørsmengder som varierer frå 50 til 150 mm.

Historie Ptolemaios nemnte ein stad kalla Tabawa som låg nordvest i Arabia. Dette kan vere Tabuka.

Tabouk vart kjend etter islam nådde området i år 630 evt. for tilknytinga til eit slag som Muhammed utkjempa her. Sidan den gong har han vore ein inngangsport til Nord-Arabia. Han vart vitja av mange vestlege reisande som Doughty i 1877 og Huber i 1884.

Tabuk-regionen har mange funn frå antikken med hellereitingar, inskripsjonar, fort, palass, murar og ruinane av Hejazbanen.

Golfkrigen Tabuk vart eit senter for militæraktivitet under Golfkrigen då byen var truga av irakiske scud-missil og luftåtak. Som følgje av dette sette den pakistanske hæren ut eit luftforsvarsregiment i byen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tabuk» frå , den 26. mai 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Tabouk - Saudi-Arabia Tabuk City on Saudi Tourism Site

Kategori:Byar i Saudi-Arabia Kategori:Busetnader i provinsen Tabuk Kategori:Provinshovudstader i Saudi-Arabia