Jabal al-Tair-øya (Jebel Teir, Jabal al-Tayr, Tairøya, Al-Tair-øya, Jazirat at-Tair; arabisk جزيرة جبل الطير, tyder «Fuglefjelløya») er ei omtrent oval vulkansk øy nordvest i sundet Bab al-Mandab ved innløpet til Raudehavet, omtrent halvvegs mellom Jemen og Eritrea. Frå 1996 fram til ho hadde utbrot i 2007, hadde Jemen to vakttårn og ein liten militærbase på øya.
Etter 124 år som ein sovande vulkan, hadde vulkanen som danna øya eit utbrot den 30. september 2007.
Geografi Øya er omtrent oval, og kring 3 km lang, og 3,9 km² stor. Ho ligg omtrent halvvegs mellom Jemen, 115 km mot aust, og Eritrea, kring 150 km mot sørvest. Ho ligg 82 km frå den jemenittiske øya Kamaran. Dei saudiarabiske Farasanøyane ligg i nordaust.
mini|venstre|Øya ligg nær spreiingssonen mellom den afrikanske plata og den arabiske plata. Øya består av den basaltiske stratovulkanen Jabal al-Tair som stig 1200 meter opp frå botnen av Raudehavet, og held fram 244 meter over havet. til toppen av krateret. Vulkenen vart rekna som «nyleg utdøydd» i 1982. Det var den nordlegaste kjende vulkanen frå holoce i Raudehavet, med ein sentral ventil, Jebel Duchan. Han ligg i den vulkanske og geologisk aktive regionen i Raudehavsrifta, spreiingssonen mellom den afrikanske plata og den arabiske plata.
På 1900 skildra den britiske marinen øya som utan vassforsyningar, og med ein høg, kjegleforma topp som steig kring 300 meter over havet. Den markante profilen gjer øya til eit fint seglingsmerke for skipsfarten i Raudehavet. Øya har ingen innbyggjarar, men somme delar av øya er busett av fiskarar til somme tider av året.
Historie
Tidlegare vart øya kalla Saiban, og var eit viktig seglingsmerke for skipstrafikken i området. Tidlegare kontrollerte Det osmanske riket Raudehavsøyane, og dei gav eit fransk selskap lov til å byggje eit fyr på øya. Britiske styrkar okkuperte øya i 1915, men suvereniteten vart ikkje då avgjort. Etter ein period med fransk-britisk drift av fyret, gjekk konsesjonen over til eit britisk selskap, og så til Jemen.
Suvereniteten over øya var lenge omstridd mellom Etiopia, Eritrea og Jemen. I ein avtale frå 1962, var det skipsfarten som betalte for drifta av fyret. I 1973 hadde Jemen sendt ei melding til Etiopia om at dei ønskte å gjere ei undersøking av øya frå lufta, og dei fekk eit fleirtydig svar frå Etiopia som seinare var årsaka til ein strid mellom dei. Etiopia meinte at øyane ikkje hadde noko anerkjend overmakt. Striden fortsette etter Eritrea fekk sjølvstende i 1993 og braut ut i Hanisøyane-krisa i 1995 om retten til Hanishøyane og Zuqar. Ei internasjonal rettssak i 1998-1999 gav forskjellige øyar til Eritrea og Jemen.
Jemen hadde ein militærbase på øya frå striden med Eritrea i 1996 og fram til vulkanutbrotet i 2007. Det var to vakttårn på øya som observerte skipsfarten forbi øya.
Vulkanutbrotet i 2007 mini|Utbrotet sett frå USS «Bainbridge». Vulkanen byrja eit utbrot klokka 1900 den 30. september 2007, og kasta lava og oske hundrevis av meter opp i lufta. Minst ein lavastraum vart sett på veg nedover mot sjøen. 29 jemenittiske soldatar vart evakuerte frå øya kort tid før utbrotet, men åtte kom seg ikkje bort og fleire lik vart funne i vatnet. Det vart rapportert om at den vestlege delen av øya, der militærbasen låg, hadde kollapsa.
Jemenittiske styresmakter bad nærliggande NATO-styrkar om hjelp og det nærmaste skipet, det amerikansk marinefartøyet USS «Bainbridge», hjelpte den jemenittiske kystvakta. Andre skip frå NATO assisterte òg i redningsaksjonen.
mini|venstre|Utbrotet sett frå USS «Bainbridge». Fleire mindre jordskjelv vart rapportert nær øya i to veker før utbrotet.Jemen Observer: http://www.yobserver.com/front-page/10013032.html
Det siste utbrotet ein kjenner til før 2007 var i 1883, og det kan ha vore eitt i 1332. Skipsfarten som passerer forbi øya daglet, vart ikkje råka av utbrotet.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jabal al-Tair Island» frå , den 28. mai 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Aktive vulkanar Kategori:Øyar i Raudehavet Kategori:Øyar i Jemen Kategori:Stratovulkanar Kategori:Vulkanar i Jemen Kategori:Omstridde område i Jemen Kategori:Omstridde område i Etiopia Kategori:Omstridde område i Eritrea Kategori:Omstridde øyar