mini|Filarmikrometer. Eit filarmikrometer eller trådmikrometer er eit hjelpeapparat som vert festa innafor okularet i ein astronomisk kikkert. Det består av ein fast trådkross og ein rørleg tråd, mikrometertråden, som er parallell med den eine av dei faste. Mikrometertråden kan ved ein skrue, mikrometerskruen, stillast i forskjellig avstand frå den faste tråden. Samstundes kan heile mikrometeret dreiast om den optiske aksen til kikkerten, og dreiinga kan avleast på ein inndelt sirkel, posisjonssirkelen. Instrumentet vert nytta til å måle den gjensidige stillinga til to nærståande stjerner.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Måleinstrument Kategori:Astronomiske instrument Kategori:Historiske vitskaplege instrument Kategori:Astronomihistorie