Fomalhaut (Alfa Piscis Austrini, Alfa PsA, α Piscis Austrini, α PsA) er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Den sørlege fisken og ei av dei mest lyssterke stjernene på himmelen. Ho er ei klasse A-stjerne i hovudserien kring 25 lysår frå jorda som målt av Hipparcos-satellitten. Sidan 1943 har spekteret til denne stjerna tent som ein av dei stabile ankerpunkta ein klassifiserer andre stjerner etter. Ho er klassifisert som ei Vega-liknande stjerne som stråler overskot av infraraud stråling, som indikerer at ho er omgjeve av ei skive kring stjerna. Fomalhaut, klasse K-stjerna TW Piscis Austrini og klasse M-stjerna LP 876-10 utgjer eit trippelsystem.

Fomalhaut er særleg viktig innan leitinga etter exoplanet, sidan ho er senteret i det første stjernesystemet med ein exoplanet (Fomalhaut b) som er mogeleg å sjå i synleg lys. Biletet vart publisert i Science i november 2008. Fomalhaut er den tredje mest lyssterke stjerna ein kjenner som har eit planetsystem (sett frå jorda), etter Pollux og sola.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fomalhaut» frå , den 8. juni 2016.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fomalhaut Kategori:Triple stjernesystem Piscis Austrini, Alfa Piscis Austrini, 24 Kategori:Den sørlege fisken Kategori:Variable stjerner Kategori:Hovudseriestjerner klasse A Kategori:Arabiske ord og uttrykk Kategori:Sirkumstellare skiver Kategori:Stjerner med eigennamn 216956 113368 8728 Kategori:Planetsystem 3