USA Today er ei amerikansk dagsavis skipa i 1982 av Allen Neuharth. Ho er ei av dei største nasjonale avisene i USA, og har vore den med dei største opplagstala. Eigaren og utgjevaren av avisa er Gannett Company.
Første utgåva av USA Today kom ut den 15. september 1982. Avisa har hovudkvarter i Tysons Corner i Virginia.
Avisa blir seld i alle 50 statane i USA og i District of Columbia, Guam, Puerto Rico, Canada og Storbritannia. Avisa kostar 2 dollar, og er tilgjengeleg gratis på Internett.
USA Today hadde eit opplag på i 2013, noko som gjorde henne til den største papiravisa i USA. Når også digitale abonnement er telde med er ho den tredje største avisa i landet, etter The Wall Street Journal og The New York Times.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «USA Today» frå , og «USA Today» frå den 8. juni 2016.
Denne artikkelen bygger på «USA Today» frå , den 8. juni 2016.
Bakgrunnsstoff
USA Today
Kategori:USA-amerikanske riksaviser Kategori:Skipingar i 1982 Kategori:Engelskspråklege aviser Kategori:USA-amerikanske dagsaviser