Kromgul bregnehette (Mycena oregonensis) er ein liten oransjegul sopp i slekta hettesoppar med ein spiss hatt. Arten kan vanskeleg forvekslast med andre artar, men liknar noko på raud gulfothette.

Kromgul bregnehette finst om sumaren og hausten på fuktig jord i gran- og blandingsskog i strø av blad, nåler og bregnerestar.

Kromgul bregnehette er særs sjeldan i Noreg og er rekna som nær truga i landet.

Raudlistevurdering Kromgul bregnehette Mycena oregonensis er nedbrytar (saprotrof) på marka. Ho veks på fuktig jord i gran- og blandingsskog, i strø av blad, nåler og bregnerestar og ut frå dei fleste funn med angitt vegetasjonstype synest ho å ha ei viss tilknyting til dei rødlistede naturtypane kalkgranskog og høgstaudegranskog og/eller kombinert med gammal naturskog. Det er 40 kjente lokalitetar spreidd frå Nordland, langs kysten av Møre til midt- og søraustlandet. Triolig har arten eit visst nordleg tyngdepunkt. Arten er vurdert som sårbar på svensk rødliste.

Konklusjon: Arten raudlistes som nær trua NT på grunnlag av ein liten populasjonsstorleik i pågåande nedgang.

Fotnotar

Kategori:Hettesoppar