300px|mini|Slottet i Versailles sett frå slottsplassen. mini|256px|Den strengt oppbygde parken på baksida av slottet.

Slottet i Versailles (fransk Château de Versailles), ofte berre kalla Versailles, er eit kongeleg slott i Versailles vest for Paris sentrum.

Det majestetiske slottet og parken rundt blei oppført av Ludvig XIV, kjend som Solkongen, for å visa fram makta si og for å flytta frå opprørske Paris.

Slottet er kjend for ei rekke historiske hendingar, som utropinga av Det tyske keisarriket i 1871 etter at Frankrike tapte den fransk-prøyssiske krigen, og Versaillestraktaten som blei utforma og underskriven her etter første verdskrigen.

Det barokke slottet i Versailles inspirerte monarkar og andre byggherrar rundt om i Europa til å oppføra liknande bygg. Det står i dag på UNESCO-lista over verdsarva.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Verdsarv i Frankrike Kategori:Barokkbygg i Frankrike Kategori:Slott i Île-de-France Kategori:Museum i Île-de-France