Maria Høgetveit Berg () er ein norsk lærar, kultur- og organisasjonskvinne frå Vinje i Telemark. I 1981 vart ho vald til leiar i Noregs Mållag, og det var fyrste gong ei kvinne hadde det vervet. Ho var med i interimstyret til Landssamanslutninga av Nynorskkommunar, og har vore aktiv i Norsk folkemusikk- og danselag og leiar i FolkOrg sidan 2009.
Ho er utdanna lærar, og har også vore kultursjef i Ål i Hallingdal 1989-2008.
Maria Høgetveit Berg er gift med Hallgrim Berg og mor til juristen Borgar Høgetveit Berg og historikaren Sigrun Høgetveit Berg.
Kjelder
Kategori:Folk frå Vinje Kategori:Leiarar av Noregs Mållag Kategori:Målfolk