Staņislavs Olijars () er ein latvisk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Tsjeljabinsk i dåverande Sovjetunionen. Han tevla i 110 meter hekk og vart europameister i øvinga i 2006, og fekk sølv i EM 2002. Dessutan fekk han bronsemedaljar i 60 m hekk i innandørs-EM 2002 og innandørs-VM 2007.

Aktiv Olijars vart juniorverdsmeister på 110 meter hekk i 1998. Både under friidretts-EM 1998 i Budapest, VM 1999 i Sevilla og dei olympiske sommarleikane 2000 i Sydney rauk han ut or korthekk-tevlinga i semifinalane.

Våren 2002 vart Olijars nummer tre på 60 meter hekk i innandørs-EM i Wien. Seinare det året tok han sølvmedaljen på 110 m hekk under EM i München på glitrande 13,22 sekundar, einast verdsrekordhaldaren Colin Jackson sprang fortare. Den 13. juli 2003 gjorde Olijars sitt livs snøggaste løp på 110 meter hekk då han i eit stemne i Lausanne fekk notert 13,08 sekundar. I 2004 sprang han seg til finaleplass på korthekken under OL i Aten, sluttida hans på 13,21 sekundar heldt til ein femteplass.

Olijars største stund på friidrettsbana kom under EM i Göteborg 2006, der han vann gullmedaljen på tida 13,24, langt førr nestemann. I 2007 vart han bronsemedaljør i innandørs-VM i Valencia på 60 meter hekk, etter Liu Xiang og Allen Johnson.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1997 i Aten: Utslått i kvartfinalane (nr 22 – 13,62) EM 1998 i Budapest: Utslått i semifinalane (nr 16) VM 1999 i Sevilla: Utslått i semifinalane (nr 14 – 13,70) OL 2000 i Sydney: Utslått i semifinalane (nr 11 – 13,50) EM 2002 i München: Sølvmedalje – 13,22, bakom Colin Jackson (13,11) VM i 2003 i Paris: Braut forsøksløpet OL 2004 i Aten: Nr 5 – 13,21 VM i 2005 i Helsinki: Utslått i semifinalane (nr 11 – 13,53) EM 2006 i Göteborg: Gullmedalje – 13,24, framom Thomas Blaschek (13,46) VM 2007 i Osaka: Utslått i semifinalane (nr 22 – 13,78) VM 2009 i Berlin: Utslått i semifinalane (nr 17 – 13,50) EM 2010 i Barcelona: Braut forsøksløpet

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Staņislavs Olijars» frå , den 15. juli 2016. Denne artikkelen bygger på «Staņislavs Olijars» frå , den 15. juli 2016.

World Athletics

Kategori:Latviske friidrettsutøvarar Kategori:Hekkeløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Latvia Kategori:Latviske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Latviske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004