«Las Palabras de Amor (The Words of Love)» er ein rockeballade av det britiske rockebandet Queen. Han vart gjeven ut som den tredje singelen frå albumet Hot Space i 1982. Songen var skriven av gitaristen Brian May og var langt meir populær i Storbritannia enn den førre singelen deira («Body Language»), med ein 17. plass på UK Singles Chart.Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness rekordbok Limited
Bakgrunn Teksten vart skriven av gitaristen Brian MayPalabras De Amor Las Palabras De Amor (The Words Of Love) Ultimate Queen. Henta 5. juli 2011 og sungen av Freddie Mercury med May på lys harmonivokal. Songen var inspirert av det nære forholdet mellom bandet og fansen deira i Latin-Amerika. Songen gav dei speletid på Top of the Pops og det var siste gongen spelte i programmet. Under framføringa mima May føre eit flygel, sjølv om det ikkje er piano på songen, berre synthesizer.
Under the Freddie Mercury Tribute Concert på Wembley Stadium i 1992 var dette den tredje songen i den andre halvdelen, framført av Zucchero og Queen.The Freddie Mercury Tribute Concert: Las Palabras De Amor (The Words Of Love) Ultimate Queen. Henta 5. juli 2011 Under Queen + Paul Rodgers Rock The Cosmos-turneen i 2008 vart songen spelt i spansktalande land, sungen av May.
Songen finst på Greatest Hits III.
Musikalartisten Elaine Paige spelte inn songen for albumet The Queen Album i 1988.
Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal Brian May - solo- og korvokal, akustisk og elektrisk gitar, synthesizer, piano Roger Taylor - trommer, korvokal John Deacon - bassgitar
Lister LandPlasseringStorbritannia17Tyskland68Irland10Polen1Sveits13Nederland26
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Las Palabras de Amor» frå , den 19. juli 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisielle YouTube-videoar: original musikkvideo, at Freddie Mercury Tribute Concert (with Zucchero) Tekst på den offisielle nettsida til Queen: album version, version from Greatest Hits III
Kategori:Queen-songar Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Songar skrivne av Brian May Kategori:Fleirspråklege songar Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar produserte av Reinhold Mack Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar