«Innuendo» er ein song frå 1991 av det britiske rockebandet Queen. Han er opningssporet på albumet med same namn, og vart gjeven ut som den første singelen frå albumet. Singelen gjekk rett inn på toppen av UK Singles Chart i Storbritannia i januar 1991.

Med ei lengd på seks og eit halvt minutt og er ein av dei mest episke songane til Queen og den lengste songen dei gav ut på singel, 35 sekund lengre enn «Bohemian Rhapsody». Songen har blitt skildra som «liknande» «Bohemian Rhapsody» fordi han gjekk «attende til dei progressive rockerøtene deira». Han inneheld ein flamencogitarsolo framført av Yes-gitaristen Steve Howe og Brian May, eit opera-aktig mellomspel og seksjonar med hardrock som minnar om tidleg Queen, i tillegg til ein tekst som er delvis inspirert av sjukdomen til songaren Freddie Mercury. Sjølv om mediapåstandar om helsa hans vart avvist på det sterkaste, var han no alvorleg sjuk av AIDS, og han døydde til slutt av sjukdomen i november 1991, ti månader etter at singelen kom ut.

Musikkvideoen inneheld animerte versjonar av bandet på eit filmlerret som minna om Nineteen Eighty-Four, skumle plastilinfigurar og rystande bilete, og har blitt skildra som ein av dei mørkaste og mest rørande verka til bandet. AllMusic skildra songen som «herleg episk», som omhandlar «korleis mennesket ikkje klarar å leve i harmoni med kvarandre».Prato, Greg. Innuendo review. Allmusic. Henta 12. april 2011.

Låtskriving «Innuendo» var sett saman som eit «puslespel». Eit tema går att (med ein boléro-aktig rytme) byrja som ein jam mellom May, Deacon og Taylor, Mercury la så til melodi og noko tekst, som vart skrive ferdig av Taylor.

Den midtre delen var hovudsakleg Mercury sitt verk, i følgje eit intervju med May i oktober 1994 i Guitar Magazine. Han inneheld ein flamenco-gitarsolo, etterfølgd av eit klassisk inspirert mellomspel, og så soloen igjen framført på elektrisk gitar. Denne seksjonen er særleg kompleks, med eit mønster i tre takter i 5/4-takt (ganske uvanleg i popmusikk) etterfølgd av fem takter i den meir vanlege 3/4-takten. Slutten av flamenco-gitarstilen er basert på 5/4-takten, men vert spelt i 6/4-takt.

Mellomspelet («You can be anything you want to be») består av sofistikert orkestrering, skapt av Mercury og produsenten David Richards med den populære synthesizeren Korg M1. Mercury hadde arrangert og vore medarrangør for orkester i solokarrieren, og avslutta det førre Queen-albumet med sporet «Was It All Worth It», som inneheldt eit Gershwin-aktig mellomspel, òg framført på ein M1-synth.

Bidraget til Steve Howe Steve Howe har sagt at han var «så stolt» over å ha spelt på plata, og han var den einaste gitaristen utanom Brian May som har spelt på ein Queen-song. Howe og Mercury hadde vore vener i fleire år, sidan dei ofte møtte kvaranre i Townhouse Studios i London. Yes hadde spelt inn Going for the One i Mountain Studios i 1976–77 kort tid før Queen kjøpte det sveitsiske studioet, og debutalbumet til Asia vart produsert av lydteknikaren til Queen, Mike Stone.

I ein pause frå innspelinga i Geneve, køyrde Howe til Montreux og stoppa for å ete lunsj. Der møtte han Martin Gloves som hadde arbeidd for Yes før, og no var utstyrsansvarleg for Queen. Gloves fortalte at Queen var i studio. Howe vitja dei i studio og Mercury spurde han om han ville spele noko gitar (i følgje produsenten David Richards, som hadde arbeidd med Yes tidlegare). Ein annan versjon er at Brian May føreslo at han skulle spele flamenco-biten. Då Queen spurde Howe om han ville spele på tittelsporet, så spurde han dei forsiktig om dei hadde gått frå vettet. Heile bandet måtte overtyde han.

I følgje Steve Howe:

Musikkvideo Det vart laga ein særs utførleg musikkvideo til singelen som kom ut 23. november 1990. Han bestod av ein kombinasjon av animasjon, animert med rotoskop og plastillinfigurar, som minna om plateomslag i ein detaljert miniatyrkino. Bandmedlemmane er berre til stades som illustrasjonar og bilete, hovudsakleg teke frå tidlegare Queen-videoar (som på «The Miracle», «Scandal», «Breakthru», «The Invisible Man», «I Want It All», og klipp frå «Live at Wembley Stadium 1986»), på ein kinoskjerm på liknande måte som filmen Nineteen Eighty-Four, der Mercury er teikna i stilen til Leonardo da Vinci, May som victoriansk etsing, Taylor i stilen til Jackson Pollock, og Deacon i stilen til Pablo Picasso.Queen - Champions of the World video (1995) Han inneheldt òg ein montasje av historiske bilete. Produksjonsselskapet DoRo (som hadde produsert videoar for alle singlane deira frå Innuendo) vann ein Monitor Award for beste utføring i musikkvideo.

Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal, klaverinstrument Brian May - elektrisk gitarar, klassisk gitar Roger Taylor - trommer, perkusjon John Deacon - bassgitar Steve Howe - klassisk gitar og spansk gitar (soloar) David Richards - klaver-programmering

Andre versjonar Songen og delar av Led Zeppelin-songane «Kashmir» og «Thank You» var framført av frontmannen i Zeppelin, Robert Plant, med dei tre overlevande medlemmane av Queen (May, Taylor og Deacon) på The Freddie Mercury Tribute Concert i 1992 på Wembley Stadium. «Kashmir» hadde vore ei av inspirasjonskjeldene for «Innuendo». Songen vart ikkje med på DVD-utgåva etter Plant sitt ønske, fordi han gløymde delar av teksten og vokalen hans var, i følgje han sjølv, ikkje heilt på topp.

12" Explosive Version av «Innuendo» inneheld ein lyd som minnar om ei atombombe etter Mercury syng linja «until the end of time».

I popkulturen Songen finst i karaoke-videospelet SingStar Queen for PlayStation 2 og PlayStation 3.

Salstrofé

Salslister Liste (1991)PlasseringDen australske singellista28Den austerrikske singellista12Den nederlandske singellista4Den tyske singellista5Irish Singles Chart4Den italienske singellista4Den newzealandske singellista10Den sveitsiske singellista3UK Singles Chart1US Mainstream Rock Chart17

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Innuendo (song)» frå , den 28. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Queen-songar Kategori:Songar frå 1990 Kategori:Singlar frå 1991 Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Songar skrivne av Roger Meddows-Taylor Kategori:Hollywood Records-singlar