«Heaven for Everyone» er ein song skriven av Roger Taylor. Songen kom opphavleg ut på albumet Shove It av gruppa hans The Cross, med Freddie Mercury som gjestevokalist. Han vart omarbeidd med Queen og gjeven ut i 1995 på albumet Made in Heaven, der han vart gjeven ut som den første singelen. Singelen nådde då andreplassen på UK Singles Chart i Storbritannia.Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness World Records Limited Musikkvideoen inneheld bilete frå Georges Méliès sin stumfilm Reisen til månen frå 1902.Queen Promo Videos: Heaven For Everyone Ultimate Queen. Henta 30. juli 2016

Bakgrunn og låtskriving Somme rapporterer at Roger Taylor skreiv songen i 1986 under innspelinga til Queen av A Kind of Magic, etter at arbeidet med filmmusikken til Highlander var ferdig. Om han gjorde så, så vart ikkje songen nytta då, eller var uferdig då albumet var klart. Då Taylor byrja å arbeide på songar for albumet Shove It, spurte han Freddie Mercury om han kunne syngje korvokal til songen. Det vart spelt inn to versjonar, ein med Mercury på korvokal, medan Taylor song solovokal, og ein annan med Mercury på solovokal. Akkompagnementet for dei to versjonane var òg forskjellig. Taylor-versjonen er kring 20 sekundar lengre enn Mercury-versjonen.

The Cross-versjonane inneheld òg ein munnleg intro av Taylor, og eit munnleg refreng i midten. Refrenget i Taylor-versjonen har ein ekstra tekst som ikkje vert sungen i Mercury-versjonen. Begge versjonar endar med at Taylor seier «And that. Is the end. Of this section.»

Den britiske utgåva av albumet Shove It kom med vokalversjonen til Mercury, medan den britiske singelen hadde Taylor sin versjon. I USA vart Taylor-versjonen gjeven ut på albumet, og ingen av versjonane kom ut på singel der.

Medverkande Den originale Cross-versjonen Roger Taylor - vokal, dei fleste instrumenta Spike Edney - klaverinstrument, vokal Freddie Mercury - gjestevokal og korvokal truleg resten av The Cross eller John Deacon Queen-versjonen Freddie Mercury - solo- og korvokal Brian May - elektrisk gitar, korvokal Roger Taylor - trommer, klaverinstrument, korvokal John Deacon - bassgitar

Innhald

The Cross-versjonen frå 1988 20. mars UK 7" single «Heaven for Everyone» (Roger Taylor vokal) «Love on a Tightrope»

UK 12" single «Heaven for Everyone» (Roger Taylor vokal) «Love on a Tightrope» «Contact»

Etter Freddie Mercury døydde, arbeidde Queen med å fullføre det posthume albumet Made in Heaven, og denne songen vart teken med og omarbeidd som ein Queen-song. Dei nytta solovokalen til Mercury frå 1987 og la på nye instrumentspor og korvokal. Det var ingen munnleg introduksjon, refreng eller avslutning gjort av Taylor på denne versjonen, slik det var på den originale.

Det var den første britiske singelen som kom frå det nye albumet, den 23. oktober 1995, to veker før albumet kom ut. Det var ein planlagt to-delt singel, og den same songen kom ut på ny den 30. oktober 1995, med ei anna B-side.

1995-versjonen til Queen UK CD1 «Heaven for Everyone» (Single Version) «It's a Beautiful Day» «Heaven for Everyone» (Album Version)

UK CD2 «Heaven for Everyone» (Single Version) «Keep Yourself Alive» «Seven Seas of Rhye» «Killer Queen»

UK Cassette «Heaven for Everyone» (Single Version) «It's a Beautiful Day» (Single Version)

US CD-singel «Heaven for Everyone» (Single Version) «Soul Brother» (innspelt 1981)

UK Promo CD / 12" «Heaven for Everyone» (Single Version)

UK 7" A. «Heaven for Everyone» (Single Version) B. «Heaven for Everyone» (Album Version)

Musikkvideo Det vart laga ein musikkvideo til minne om Freddie Mercury, regissert av David Mallet. Videoen har klipp frå filmane Reisen til månen (Le Voyage dans la Lune, 1902), Den umulige reisen (Le Voyage à travers l'impossible, 1904) og L'éclipse du soleil en pleine lune (1907) av Georges Méliès.

Musikkvideo for The Cross-versjonen bestod av Taylor som songen på ei strand, medan eldre folk gjekk forbi bandet i bakgrunnen og klatra opp stigar for å nå himmelen.

Lister

Salslister Liste (1995)PlasseringAustralia (ARIA Singles Chart)15Den austerrikske singellista"Heaven for Everyone», in various singles charts Lescharts.com (Henta 29. desember 2008)4Belgia (Flandern)8Belgia (Vallonia)4Nederlandsk Topp 403Den finske singellista5Den franske singellista8Den tyske singellista15Irish Singles ChartIrish Single Chart Irishcharts.ie (Henta 31. juli 2016)7New Zealand - RIANZ25VG-lista18Den svenske singellista29Den sveitsiske singellista9UK Singles ChartUK Singles Chart Chartstats.com (Henta 31. juli 2016)2

Årslister Liste (1995)PlasseringAustralia (ARIA Singles Chart)100Belgia (Flandern)69Belgian (Vallonia) Singles Chart52Nederlandsk Topp 4073Den franske singellista1995 Den franske singellista Disqueenfrance.com (Henta 31. juli 2016)67

Salstrofé LandTroféDatoSalstalFranskFrench certifications Disqueenfrance.com (Henta 31. juli 2016)Sølv1996125 000UKUK certifications Bpi.co.uk (Henta 31. juli 2016)Sølv1. november 1995200 000

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Heaven for Everyone» frå , den 31. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Queen-songar Kategori:Singlar frå 1988 Kategori:Singlar frå 1995 Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar skrivne av Roger Meddows-Taylor Kategori:Rockeballadar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Songar frå 1987 Kategori:Musikkvideoar regisserte av David Mallet