Killers er det andre studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeve ut den 2. februar 1981 på EMI Records i Storbritannia og 6. juni 1981 på Harvest og Capitol Records i USA. Albumet var det første med gitaristen Adrian Smith, og det siste med vokalisten Paul Di'Anno, som fekk sparken etter problem med å alkohol og kokain, som gjekk utover sceneframføringa hans. Killers var òg det første Iron Maiden-albumet med assistanse frå produsenten Martin Birch, som produserte dei neste åtte albuma deira, fram til og med Fear of the Dark (1992).
Bakgrunn mini|Killers var det andre og siste Iron Maiden-albumet med vokalisten Paul Di'Anno (vist her i 2008).
Killers er det einaste Iron Maiden-albumet med to instrumentalar, og nesten heile albumet vart skrive av Steve Harris, med berre nokre få bidrag frå resten av bandet (tittelsporet og «Twilight Zone» er dei einaste songane der andre òg er tilskrivne som låtskrivarar). Kvar song, med unntak av «Murders in the Rue Morgue» (basert på soga med same namn av Edgar Allan Poe) og «Prodigal Son», vart skriven i åra før debutalbumet vart spelt inn, men ingen av dei vart spelt inn profesjonelt før innspelinga av Killers, utanom «Wrathchild» (ein tidleg versjon vart spelt inn i 1979 for samleplata Metal for Muthas).
Den nordamerikanske utgåva, som kom ut nokre få månader etter den britiske utgåva, vart først gjeve ut på Harvest Records/Capitol Records og sidan på Sanctuary Records/Columbia Records. Songen «Twilight Zone» vart òg lagt til albumet.
Killer-turneen etter albumet var første gongen bandet spelte i USA. Den første konserten deira i USA var på The Aladdin i Las Vegas som oppvarmingsband for Judas Priest. Songen «Wrathchild» er den einaste songen frå albumet som ofte vert spelt på konsertane deira, og er spelt på nesten alle turneane deira.
Innhald
Originalutgåve
Nordamerikansk versjon frå 1981
Nymastra utåve frå 1998
Bonusplate frå 1995-utgåva
Bonusplate frå amerikansk utgåve frå 1995
Den originale australske versjonen av albumet inneheldt òg coverversjonen av Skyhooks-songen «Women in Uniform», som tidlegare var gjeven ut som singel i 1980. Det amerikanske Castle Records gav ut albumet med ei bonusplate som inneheld fleire konsertopptak som opphavleg kom ut på EPen Maiden Japan i 1981.
Andre versjonar Songen «Wrathchild» vart spelt i 2003 av det engelske metal-bandet Sikth og finst som B-sida til singelen deira «Scent of the Obscene». Songen vart òg spelt av den kvinnelege bandet The Iron Maidens i 2007 på albumet Route 666 og igjen i 2008 av Gallows på hyllestplata Maiden Heaven: A Tribute to Iron Maiden gjeve ut av Kerrang!. «Wrathchild» finst i PlayStation 2-spelet Guitar Hero Encore: Rocks the 80s.
Medverkande Frå plateomslaget:
Iron Maiden Paul Di'Anno – solovokal Dave Murray – gitarar Adrian Smith – gitarar Steve Harris – bassgitar Clive Burr – trommer
Andre medverkande Martin «Headmaster» Birch – produsent, lydteknikar Nigel Hewitt – andre lydteknikar Derek Riggs – illustrasjon Dave Lights – konsept for plateomslaget Robert Ellis – fotografi Rod Smallwood – bandmanager, fotografi (1998-utgåva) Dennis Stratton – gitar på «Women in Uniform», «Invasion» og «Phantom of the Opera» (1995-utgåva) Simon Heyworth – remastering (1998-utgåva) Ross Halfin – fotografi (1998-utgåva) P.G. Brunelli – fotografi (1998-utgåva) Simon Fowler – fotografi (1998-utgåva) Denis O'Regan – fotografi (1998-utgåva) George Chin – fotografi (1998-utgåva)
Lister
Album
LandListe (1981)Plassering AusterrikeÖ3 Austerrike Topp 40 20 Finland The Official Finnish Charts 18 TysklandMedia Control Charts 10 New ZealandRIANZ 41 NoregVG-lista 19 SverigeSverigetopplistan 11 StorbritanniaOffisiell albumliste 12 USABillboard 200 78LandListe (2010)Plassering HellasIFPI Hellas 64LandListe (2012)Plassering SverigeSverigetopplistan 44
Singlar Singel Liste (1981) Plassering Album «Twilight Zone» UK Singles Chart 31Killers «Purgatory» 52 Singel Liste (1990) Plassering Album «Women in Uniform / Twilight Zone» UK Albums ChartNyutgjeving av begge singlane som ein del av The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart. 10 — «Purgatory / Maiden Japan» 5
Fotnotar
Salstrofé
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Killers (Iron Maiden album)» frå , den 22. august 2016.
Kategori:Musikkalbum frå 1981 Kategori:Iron Maiden-album Kategori:Album produserte av Martin Birch Kategori:EMI Records-album Kategori:New Wave of British Heavy Metal-album Kategori:Engelskspråklege album