Almaz Ayana () er ein etiopisk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i langdistanseløp. Ho vart verdsmeister 2015 på 5 000 meter, olympisk meister 2016 og verdsmeister 2017 på 10 000 meter. Under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro sletta ho den 23 år gamle verdsrekorden på 10 000 m, tilhøyrande Wang Junxia, då ho sprang i mål på 29.17,4.
Aktiv Ayana sikra seg bronsemedaljen på 5 000 meter ved friidretts-VM 2013. To år seinare vann ho ein suveren siger på same distansen under VM i friidrett 2015 i Beijing. 2. juni 2016 presterte ho livsbeste 14.12,5 då ho vann 5 000-meteren ved DL-stemnet i Roma. I dei olympiske sommarleikane 2016 sette ho verdsrekord i milløpet, ei veke seinare vann ho bronsemdaljen på den halve distansen. I London-VM 2017 vann ho gullmedaljen på 1 0000 meter og ho fekk sølvmedaljen på 5 000 meter. Ayana la opp i 2023.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje på 5 000 m – 14.51,3 VM 2015 i Beijing: Gullmedalje på 5 000 m – 14.26,8, framom Senbere Teferi (14.44,0) OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje på 10 000 m – 29.17,4, bronsemedalje på 5 000 m – 14.33,5 VM 2017 i London: Gullmedalje på 10 000 m – 30.16,3, sølvmedalje på 5 000 m – 14.40,3
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Almaz Ayana» frå , den 28. august 2016.
World Athletics
Kategori:Etiopiske langdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Etiopia Kategori:Olympiske meistrar for Etiopia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Etiopia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Etiopiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016