«Man on the Edge» er ein song av Iron Maiden frå albumet The X Factor frå 1995. Songen er basert på filmen Falling Down med Michael Douglas. Han var den første singelen bandet gav ut med Blaze Bayley på vokal.
Oversyn I tillegg til eit intervju med Bayley og eit anna spor frå The X Factor, inneheld singelen tre originale songar som ikkje kom med på albumet. Det er ein av to songar frå Blaze Bayley-tid som kom med på samleplata Edward the Great, i lag med «Futureal», i tillegg til ein av tre som kom med på Best of the Beast i lag med «Sign of the Cross» og «Virus».
Iron Maiden spelte ofte denne songen under Ed Hunter-turneen i 1999, og var dermed ein av fem songar frå Bayley-tida som vart spelte på konsertane til bandet etter han slutta.
Ein konsertversjon av songen frå 1999 vart gjeven ut på singelutgåva av «The Wicker Man» i 2000 og samleplata From Fear to Eternity frå 2011, med Bruce Dickinson på vokal.
Det vart laga tre musikkvideoar for songen. Den eine var filma i Masada i Israel, den andre var meir filmaktig der bandet spelar medan ein man kastar seg sjølv utfor ein bygning, og den tredje var ein promovideo som bestod av klipp frå ein lågkomisk stumfilm i svartkvit. Denne tredje versjonen fanst som eit påskeegg på DVD-en Visions of the Beast.
Songen vart nytta i videospelet Carmageddon 2.
På singelomslaget til CD 1 er hjernen til Eddie skoren i to, medan på omslaget til CD 2 er hjernen intakt.
Innhald
CD 1
«Man on the Edge» (Blaze Bayley, Janick Gers) – 4:19 «The Edge of Darkness» (Steve Harris, Bayley, Gers) – 6:40 «Judgement Day» (Bayley, Gers) – 4:09 «Blaze Bayley Interview, Part I» – 5:41
CD 2
«Man on the Edge» (Bayley, Gers) – 4:19 «The Edge of Darkness» (Harris, Bayley, Gers) – 6:40 «Justice of the Peace» (Dave Murray, Harris) – 3:38 «Blaze Bayley Interview, Part II» – 5:55
12" vinyl
«Man on the Edge» (Bayley, Gers) – 4:19 «The Edge of Darkness» (Harris, Bayley, Gers) – 6:40 «I Live My Way» (Harris, Bayley, Gers) - 3:48
Medverkande Henta frå singelomslaget: Iron Maiden Blaze Bayley – solovokal Dave Murray – gitar Janick Gers – gitar Steve Harris – bassgitar, produsent, miksing Nicko McBrain – trommer Produksjon Nigel Green – produsent, miksing Ronal Whelan – mastering
Lister Liste (1995) Plassering Den finske singellista 1 Den franske singellista 33 VG-lista i Noreg 18 Sverigetopplistan 23 UK Singles Chart 10
Andre versjonar Metal-bandet Iron Rainbow spelte ein versjon av «Man on the Edge» for samlealbumet Metal Injection (A Lethal Dose of Heavy Metal Mayhem) frå 1998.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Man on the Edge» frå , den 1. september 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Iron Maiden-songar Kategori:Singlar frå 1995 Kategori:Songar skrivne av Blaze Bayley Kategori:Songar skrivne av Janick Gers Kategori:Nummmer-ein-singlar i Finland