høgre|mini|Epitafium i Grønbæk kyrkje i Jylland, utført i bruskbarokk. Eit typisk stiltrekk er vinrankene som snor seg rundt søylene. Bruskbarokk er ein type ornamentikk med bruskaktige, vridne og samanfiltra former. Stilen var vanleg i Nord-Europa på 1600-talet, i Noreg mest kjend frå kyrkjeinteriør. Den tidlegaste varianten vert ofte kalla øyrebruskstil. Her liknar deler av ornamenta på forma på brusken i eit menneskeøyre. Denne varianten vert rekna som ein overgangsstil mellom manierisme og barokk, men dei to omgrepa dekker ofte det same. Seinare i barokken vart dei bruskliknande ornamenta erstatta av akantus-blad.
Andrew Smiths praktverk i øyrebruskstil er preikestolen i Stavanger domkyrkje frå 1658. Andre døme på bruskbarokk er altertavla og preikestolen i Oslo domkyrkje frå 1699 og altertavla i Hedrum kyrkje frå 1664.
Referansar Denne artikkelen byggjer på artikkelen Bruskbarokk på Wikipedia bokmål den 9. september 2016.
Bakgrunnsstoff Store norske leksikon om bruskbarokk
Kategori:Arkitektur Kategori:Bygningsdetaljar Kategori:Manierismen Kategori:Barokken