Sabine Braun () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Essen som internasjonalt tevla i mangekamp for Vest-Tyskland og seinare det samla Tyskland. Ho vann to EM-gull og like mange VM-gull i sjukamp i tida 1990-97, i tillegg sikra ho seg VM-sølv, EM-sølv og OL-bronse i same øvinga. Brauns personbeste på 6 985 poeng er frå 1992.

Aktiv Braun deltok i fleire meisterskap før ho i 1990 fekk sitt gjennombrot med 6 688 poeng og gullmedalje i sjukampen ved friidretts-EM i Split. Året etter vann ho ein suveren siger i sjukampen under verdsmeisterskapen i Tokyo. I OL-sesongen 1992 oppnådde 6 985 poeng ved mangekampstemnet i Götzis, tysk rekord også i 2016. Under Sommar-OL 1992 i Barcelona vann ho bronsemedaljen, verdsrekordhaldar Jackie Joyner-Kersee frå USA tok gullmedaljen og Irina Belova frå Russland fekk sølvet. Ved friidretts-VM 1993 i Stuttgart vann Braun sølvmedaljen, då einast 40 poeng etter gullmedaljør Jackie Joyner-Kersee.

I 1994 lukkast Braun å vinne sjukampen under friidretts-EM i Helsinki, trass i at ho stoppa på 6 419 poeng. Tre år seinare plukka ho over 6 700 poeng ved VM 1997, og tok gullmedaljen med 85 poengs margin til Denise Lewis frå Storbritannia. Ved dei tre neste store meisterskapane, åra 1998-2000, var ho alle tre åra med i medaljestriden i sjukamptevlinga, utan å kome på sigerspallen.

Derimot lukkast Braun å vinne sølvmedaljen då EM i friidrett 2002 fann stad i München, einast den nye mangekampsdronninga, svenske Carolina Klüft, sanka fleire poeng gjennom tevlinga. 37 år gamle Braun la deretter opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1984 i Los Angeles: Nr 6 – 6 236 poeng VM 1987 i Roma: Nr 18 – 5 621 poeng OL 1988 i Seoul: Nr 14 – 6 109 poeng EM 1990 i Split: Gullmedalje – 6 688 poeng, framom Heike Tischler (6 572) VM 1991 i Tokyo: Gullmedalje – 6 672 poeng, framom Liliana Năstase (6 493) OL 1992 i Barcelona: Bronsemedalje – 6 649 poeng VM 1993 i Stuttgart: Sølvmedalje – 6 797 poeng, bakom Jackie Joyner-Kersee (6 837) EM 1994 i Helsinki: Gullmedalje – 6 419 poeng, framom Rita Ináncsi (6 404) VM 1995 i Göteborg: Braut etter to øvingar OL 1996 i Atlanta: Nr 7 – 6 317 poeng VM 1997 i Aten: Gullmedalje – 6 739 poeng, framom Denise Lewis (6 654) EM 1998 i Budapest: Nr 6 - 6 259 poeng VM 1999 i Sevilla: Nr 4 – 6 497 poeng OL 2000 i Sydney: Nr 5 – 6 355 poeng EM 2002 i München: Sølvmedalje – 6 434 poeng, bakom Carolina Klüft (6 542)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sabine Braun» frå , den 11. september 2016.

Bakgrunnsstoff Wolrd Athletics

Kategori:Tyske mangekjemparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Europameistrar i friidrett for Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000