thumb|Borgstove ved prestegarden Åmot prestegard ligg på austsida av Koppangveien på Rena, eit stykke nord for stasjonen og kyrkja.

Hovudbygningen ligg heilt i sør på prestegardsområdet, medan driftsbygningen i aust strekkjer seg eit stykke nordover. Vest på tunet er borgstove (sidebygning), vognskjul og forpaktarbustad.

Hovudbygningen er ein tømmerbygning i to etasjar med panel som ein trur vart oppført midt på 1800-talet. Borgstova er rekna for å vere frå overgangen mellom 1700- og 1800-talet. Desse to bygningane er freda.Kulturminnesøk.

Prestegarden har i periodar vore brukt til andre førermål enn prestebustad, t.d. ungdomsklubb, og har bore preg av slitasje.

Prestegarden vart sist brukt som prestebustad i 2014, og vart lagt ut for sal i 2015. (Sjå òg pressreader.com.)

Kjelder

OVFs salgsprospekt for Åmot prestegard

Bakgrunnsstoff

Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Åmot