NSD – Norsk senter for forskingsdata var eit nasjonalt dataarkiv. NSD hadde som føremål å sikra fri og ope tilgang til forskigsdata, og å betra høva for empirisk forsking. Den 1. januar 2022 vart NSD lagt ned og oppgåvene overført til Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør.Ny organisering av direktorater og tjenesteleveranser i kunnskapssektoren. UNIT. Henta 28. august 2023.
Historie Organisasjonen vart oppretta i 1971 som eit organ underlagt Noregs forskingsråd. Fram til 1. mars 2016 var namnet Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (derav forkortinga NSD).nsd.uib.no Etter vedtak i Stortinget vart NSD frå 1. januar 2003 organisert som eit aksjeselskap eigd av Kyrkje- og undervisningsdepartementet, no Kunnskapsdepartementet. NSD har hovudkontor i Bergen, med representantar i Oslo, Trondheim og Tromsø. NSD hadde eit nyhendebrev, NSDnytt, som dei gav ut fire gongar i året.NSDnytt
Føremål og samarbeidspartnarar NSD vart oppretta med føremål om å vere eit arkiv for forskingsdata (i første rekkje kvantitative data), og dessutan for å leggje til rette for at desse dataa skal vere lettare tilgjengeleg for forskarar og studentar. NSD var òg tenesteleverandør på ei rekkje område, hovudsakleg for offentleg sektor. Mellom anna hadde NSD vore sentral i gjennomføringa av skulevala. Viktige samarbeidspartnarar nasjonalt inkluderte Statistisk sentralbyrå (SSB), Noregs forskingsråd, Datatilsynet, Kunnskapsdepartementet, og dessutan heile universitet- og høgskulesektoren. Internasjonalt samarbeidde NSD med dataarkiv over heile Europa på felles europeiske prosjekt, mellom anna European Social Survey.http://www.europeansocialsurvey.org/
Leiing Med unntak av eit kort opphald var Bjørn Henrichsen direktør/administrerande direktør for NSD sidan starten i 1971. Siste styreleiar for NSD var Petter Aasen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Norsk senter for forskningsdata» frå , den 11. oktober 2016.
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad NSD Årsmelding NSDnytt – nyhendebrev frå NSD som kjem ut fire gonger i året
Sentrale produkt og tenester NSDdata: tilgjengelege datasett frå dataarkivet. Personvernsombod for forsking: handsamar saker som gjeld personvern innan forskingsprosjekt hos knytte til seg institusjonar. NSDStat: programvare for enkel analyse av kvantitative data. Nesstar : programvare for dokumentasjon av og direkte webbasert analyse av data via verdensveven. Database for forsking og høgre utdanning (DBH): samlar inn ei rekkje indikatorar frå alle høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg som får stønad frå staten. Samfunnsveven : læringsressurs for bruk i vidaregåande skule. Inkluderer òg administrasjons- og informasjonssystemet knytt til skulevala, og dessutan resultat frå skulevala.
Kategori:1971 i Noreg Kategori:Skipingar i 1971 Kategori:Norsk forsking Kategori:Norske statlege føretak