Sergej Konstantinovitsj Klevtsjenja () er ein russisk tidlegare skeiseløpar frå Barnaul i Russland. Han vart verdsmeister i sprint i 1996 og 1997.

Klevtsjenja vann to olympiske medaljar under Vinter-OL 1994 på Hamar. Han kom på andreplassen på 500 meter, slått av landsmannen Aleksandr Golubev med seks hundredels sekund, medan det vart bronsemedalje på 1000 meter bak Dan Jansen frå USA og Igor Zjelesovskij frå Kviterussland. Seinare i OL-sesongen vart han andremann i sprint-VM i Calgary, også det ei tevling som Dan Jansen vann.

Både under sprint-VM 1996 og 1997 gjekk Klevtsjenja heilt til topps. I Heerenveen i 1996 parkerte han japanesarane Hiroyasu Shimizu og Junichi Inoue i kampen om VM-tittelen, og på Hamar i 1997 stod han i vegen for at arrangørlandets eigen Roger Strøm skulle verte verdsmeister.

Åra 1996-2001 sikra Klevtsjenja seg ein medalje av kvar valør på uilke sprintdistansar under VM i enkeltløp.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sergej Klevtsjenja» frå , den 24. november 2016.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Russiske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Sprint Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Enkeltdistanse Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Russland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Russland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Deltakarar for SUS under vinter-OL 1992 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1994 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1998 Kategori:Russiske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 2002