Elvis' Gold Records Volume 4 er det 34. albumet til Elvis Presley, gjeve ut av RCA Victor i mono og stereo som LPM/LSP 3921 i januar 1968. Albumet består av innspelingar frå ein åtteårsperiode i RCA Studio B i Nashville i Tennessee, og i RCA Studios og Radio Recorders i Hollywood. Det er eit samlealbum med hitsinglar gjevne ut mellom 1961 og 1967 og nådde 33. plassen på Billboard 200. Det selde til gullplate 27. mars 1992 i USA. Merk: Søk på «Elvis Golden Records, Volume 4»

Innhald Sjølv om Presley hadde vore ein populær artist sidan Elvis' Golden Records Volume 3 (1963), og hatt åtte album inne på topp 10 og 17 singlar på topp 40, hadde salet falle sidan glanstida. Samlealbumet Elvis for Everyone (1965) var det første albumet hans som selde under 300 000 eksemplar, og dei siste fem filmmusikkalbuma hadde alle gjort det stadig verre, og falle under 200 000 selde eksemplar.Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 201, 222, 224, 240. Singlane hans nådde ikkje lenger automatisk topp 40, og sjølv om den siste singelen hans «Big Boss Man» hadde seld 350 000, hadde han ikkje nådd 500 000 for å få gullplate i USA.Jorgensen, op. cit., s. 240. Vanlegvis var samlealbuma ein garantert salssuksess, men denne utgåva selde berre 400 000 eksemplar. Dette var betre enn dei siste filmmusikkalbuma, men langt dårlegare enn dei tre føregjengaren.Jorgensen, op. cit., s. 244. Det var no tvil om den framtidige karrieren til Presley.

Elvis' Gold Records Volume 4 består av fem A-sider og sju B-sider. Tre songar hadde ikkje blitt skrivne for Presley: «Love Letters» kom frå filmen med same namn; «Witchcraft» hadde vore ein hit i 1956 for The Spiders og «What'd I Say» var klassikaren til Ray Charles frå 1959.Jorgensen, op. cit., s. 180, 184. Tre B-sider, «Lonely Man», «A Mess of Blues» og «Just Tell Her Jim Said Hello» var gamle nok til å ha vore med på Elvis' Golden Records Volume 3, og ei anna B-side «Ain't That Loving You Baby», kom frå permisjonsinnspelinga for RCA den 10. juni 1958, då han spelte inn musikk som skulle gjevast ut medan Presley var i United States Army.Jorgensen, op. cit., s. 107.

I 1997 vart Elvis' Gold Records Volume 4 gjeven ut på ny med seks ekstra songar og ei anna rekkefølgje på songane. «Rock-A-Hula Baby» frå Blue Hawaii i 1961 vart gjeven ut som B-sida til singelen «Can't Help Falling In Love».Jorgensen, op. cit., s. 164. Tre songar vart gjevne ut som singlar før filmmusikkalbuma dei høyrte til kom ut: «Bossa Nova Baby» for Fun in Acapulco; «Kissin' Cousins» for albumet med same namn og «Return to Sender», som kom ut ein månad før Girls! Girls! Girls!.Jorgensen, op. cit., s. 170, 177, 185. «Viva Las Vegas» (B-sida til «What'd I Say»), av Doc Pomus og Mort Shuman, vart ein av dei mest kjende Elvis-innspelingane, og ei rekkje artistar har spelt inn denne songen, som Dead Kennedys, Bruce Springsteen og Nine Inch Nails. Gospelsongen «Crying in the Chapel» vart spelt inn under innspelinga for His Hand in Mine, og denne fem år gamle songen nådde tredjeplassen og selde ein million eksemplar då han kom ut på singel i 1965.Jorgensen, op. cit., s. 200.

I 1968 var det mindre vanleg å gje ut plater i mono, så monoutgåva av albumet vert rekna som sjeldant og er eit samleobjekt.Jerry Osborne's Presleyana: The Elvis Presley Record, CD, and Memorabilia Price Guide

Dei originale innspelingane vart produserte av Steve Sholes, Joseph Lilley, Chet Atkins, Urban Thielmann, George Stoll og Felton Jarvis.

Medverkande

Elvis Presley − vokal, gitar Scotty Moore – gitar Hank Garland − gitar, bass Barney Kessell − gitar Chet Atkins − gitar Billy Strange − gitar Glen Campbell − gitar Tiny Timbrell − gitar Chip Young − gitar Harold Bradley − gitar Grady Martin − gitar

Pete Drake − steel gitar Floyd Cramer − piano, orgel Dudley Brooks − piano David Briggs − piano Artie Cane − piano Calvin Jackson − orgel Henry Slaughter − orgel Bob Moore − bass Ray Siegel − bass Meyer Rubin − bass D.J. Fontana − trommer

Buddy Harman – trommer, pauke Hal Blaine − trommer Frank Carlson − trommer Boots Randolph − saksofon Rufus Long − saksofon Steve Douglas − saksofon The Jordanaires − korvokal Millie Kirkham − korvokal Dolores Edgin − korvokal June Page − korvokal

Innhald Plassering for singlar er for Billboard Pop Singles-lista, med mindre det står noko anna. OriginalutgåveSide ein Nr. Z Tittel Låtskrivar(ar) Innspelt Katalog Utgjeve Lister Tid 1. «Love Letters»Edward Heyman og Victor Young 26. mai 196647−8870 8. juni 196619 2:30 2. «Witchcraft»Dave Bartholomew and Pearl King 26. mai 196347−8243b 1. oktober 196332 2:19 3. «It Hurts Me»Joy Byers og Charlie Daniels 12. januar 196447−8307b 10. februar 196429 2:27 4. «What'd I Say»Ray Charles 30. august 196347−8360 28. april 196421 3:02 5. «Please Don't Drag That String Around»Otis Blackwell og Winfield Scott 26. mai 196347−8188b 18. juni 1963−1:54 6. «Indescribably Blue»Darrell Glenn 10. juni 196647−9056 10. januar 196733 2:48Side to Nr. Tittel Låtskrivar(ar) Innspelt Katalog Utgjeve Lister Time 1. «(You're the) Devil in Disguise»Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye 26. mai 196347−8188 18. juni 19633 2:20 2. «Lonely Man»Bennie Benjamin og Sol Marcus 7. november 196047−7850b 7. februar 196132 2:43 3. «A Mess of Blues»Doc Pomus og Mort Shuman 20. mars 196047−7777b 5. juli 196032 2:39 4. «Ask Me»Domenico Modugno, Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye12. januar 196447−8840 22. september 196412 2:07 5. «Ain't That Loving You Baby»Clyde Otis og Ivory Joe Hunter 10. juni 195847−8840b 22. september 196416 2:22 6. «Just Tell Her Jim Said Hello»Jerry Leiber og Mike Stoller 19. mars 196247−8041b 17. juli 196255 1:52Bonusspor på 1997-utgåva Nr. Tittel Låtskrivar(ar) Innspelt Katalog Utgjeve Lister Tid 1. «Return to Sender»Otis Blackwell og Winfield Scott27. mars 196247−8100 2. oktober 19622 2:06 2. «Rock−a−Hula Baby»Fred Wise, Ben Weisman, Dolores Fuller 23. mars 196147−7968b 22. november 2016 196123 1:57 3. «Love Letters»Edward Heyman og Victor Young 26. mai 196647−8870 8. juni 196619 2:30 4. «Bossa Nova Baby»Jerry Leiber og Mike Stoller 22. januar 196347−8243 1. oktober 19638 2:02 5. «Witchcraft»Dave Bartholomew og Pearl King 26. mai 196347−8243b 1. oktober 196332 2:19 6. «Kissin' Cousins»Fred Wise og Randy Starr 30. september 196347−8307 10. februar 196412 2:12 7. «It Hurts Me»Joy Byers og Charlie Daniels12. januar 196447−8307b 10. februar 196429 2:27 8. «Viva Las Vegas»Doc Pomus og Mort Shuman10. juli 196347−8360b 28. april 196429 2:21 9. «What'd I Say»Ray Charles30. august 196347−8360 28. april 196421 3:02 10. «Please Don't Drag That String Around»Otis Blackwell og Winfield Scott26. mai 196347−8188b 18. juni 1963−1:54 11. «Indescribably Blue»Darrell Glenn 10. juni 196647−9056 10. januar 196733 2:48 12. "(You're the) Devil in Disguise"Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye26. mai 196347−8188 18. juni 19633 2:20 13. «Lonely Man»Bennie Benjamin og Sol Marcus 7. november 196047−7850b 7. februar 196132 2:43 14. «A Mess of Blues»Doc Pomus og Mort Shuman20. mars 196047−7777b 5. juli 196032 2:39 15. «Ask Me»Domenico Modugno, Bernie Baum, Bill Giant, Florence Kaye12. januar 196447−8840 22. september 196412 2:07 16. «Ain't That Loving You Baby»Clyde Otis og Ivory Joe Hunter10. juni 195847−8840b 22. september 196416 2:22 17. «Just Tell Her Jim Said Hello»Jerry Leiber og Mike Stoller 19. mars 196247−8041b 7. juli 196255 1:52 18. «Crying in the Chapel»Artie Glenn 31. oktober 196047−0643 6. april 19653 2:24

Lister Album

ÅrListerPlassering1968Billboard Pop Albums33 Saltrofé

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Elvis' Gold Records Volume 4» frå , den 8. desember 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff LPM−3921 Elvis' Gold Records − Volume 4 Guide (monolyd) part of the The Elvis Presley Record Research Database LSP−3921 Elvis' Gold Records − Volume 4 Guide (stereo) part of the The Elvis Presley Record Research Database

Kategori:Samlealbum frå 1968 Kategori:Album produserte av Steve Sholes Kategori:Album produserte av Felton Jarvis Kategori:Elvis Presley-album Kategori:RCA Victor-album Kategori:Engelskspråklege album