Nora Mørk () er ein norsk handballspelar frå Oslo som frå sommaren 2022 spelar på den danske toppklubben Esbjerg. Frå 2013 var den venstrehendte rykkrom-spelaren i fleire meisterskap den fremste angrepskrafta i det norske landslaget. Mørk vart europameister i 2010, 2014, 2016, 2020 og 2022, verdsmeister i 2015, 2021 og olympisk meister 2024. Ho har elles vore med på å vinne EHF-meisterligaen med så vel ungarske Győri ETO som norske IK Våg, mediakjend som Vipers.
Karriere Talentfulle Mørk spelte på Bækkelagets Sportsklub i 2007 og -08, bortsett frå ei kort tid i danske Aalborg. Sesongen 2008/09 var ho aktiv i Oslo-laget SK Njård. Sommaren 2009 melde ho overgang til Noregs beste handballag på kvinnesida, Larvik HK. Gjennom sju sesongar i Larvik vann ho ei mengd norske seriemeister-titlar og NM-finalar, trass i fleire skadeavbrot i nokre av dei fyrste sesongane. Sommaren 2016 vart ho overført til ungarske Győri ETO.
Mørk debuterte på det norske landslaget den 21. september 2010 mot Romania og tok del i handball-EM 2010. Ho til dels imponerte i debutmeisterskapen, og frå sin plass som høgre kantspelar skåra ho 23 mål og var mykje delaktig i at Noreg triumferte. Langvarige kneskadar sette henne utanfor meisterskaps-turneringane dei neste to åra. I verdsmeisterskapen 2013 var ho Noregs toppskårar med sine 30 mål. Året etter var ho sentral på det norske laget som vann EM 2014. Ho kom då med i meisterrekka (All Star Team) som beste høgre rykkrom-spelar, og var med sine 41 mål atter norsk toppskårar. Under handball-VM 2015 vart ho verdsmeister og kom på ny med i meisterrekka som beste høgre rykkrom-spelar. Mørk var suveren toppskårar med 62 nettkjenningar i handballturneringa under Sommar-OL 2016, der Noreg vann bronse.
Merittar landslag EM 2010: Gullmedalje etter 25–20 mot Sverige VM 2013: Nr 5 med Noreg EM 2014: Gullmedalje etter 28–25 mot Spania VM 2015: Gullmedalje etter 31–23 mot Nederland OL 2016: Bronsemedalje etter 36–26 mot Nederland EM 2016: Gullmedalje etter 30–29 mot Nederland VM 2017: Sølvmedalje etter 21–23 mot Frankrike EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike OL 2024: Gullmedalje etter 29–21 mot Frankrike VM 2025: Gullmedalje etter 23–20 mot Tyskland
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nora Mørk» frå , den 15. desember 2016.
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2024 Kategori:Spelarar i Handball-EM 2010 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2013 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2014 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2015 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2016 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2017 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2020 for kvinner Kategori:Folk frå Oslo