Michael Florian Hadschieff () er ein tidlegare skeiseløpar frå Innsbruck i Austerrike. Han vann sølv i skeise-EM 1987 og på 10000 m under Vinter-OL 1988, og bronsemedaljar i firkamp-VM 1987 og på 1500 m i nemnde Vinter-OL.

Hadschieff markerte seg med å verte nummer fem både på 10 000 meter under Vinter-OL 1984 i Sarajevo og i firkamp-VM i Göteborg same sesongen. Også ved firkamp-VM 1985 på Hamar enda han på femteplassen. I 1987-sesongen kneip han andreplassen i skeise-EM, bak suverene Nikolaj Guljajev frå Sovjetunionen, medan han i firkamp-VM måtte ta til takke med tredjeplassen då Oleg Bozjev sneik seg forbi i samandraget på sisterunda på milløpet.

Under dei olympiske vinterleikane 1988 i Calgary vann Hadschieff sølvmedaljen på 10000 m og bronsen på 1500 m, og kom på femteplass på 5000 m og sjetteplass på 1000 m. Både under EM 1988 i Haag og firkamp-VM i Alma Ata vart han nummer fire. Etter 1988-sesongen hamna Hadschieff lengre ned resultatlistene i dei store tevlingane. Sjetteplassar i EM 1990 i Heerenveen og på 10000 m under Vinter-OL 1992 i Albertville var hans beste plasseringar i åra fram til han la opp i 1994.

KJelder Denne artikkelen bygger på «Michael Hadschieff» frå , den 13. januar 2017.

Kategori:Austerrikske skeiseløparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Austerrike Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Austerrikske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1994