Tetrosar er monosakkarid som inneheld fire karbonatom. Dei kan delast inn i to grupper etter kva for posisjon den funksjonelle gruppa har. Aldotetrosar har ei aldehydgruppe i 1-posisjon og ketotetrosar har ei ketongruppe i 2-posisjon. Aldotetrosar har to kirale senter og dimed fire moglege stereoisomerar. To av dei førekjem naturleg som enantiomerar av erytrose og treose i -konfigurasjon. Ketotetrosar har eitt kiralt senter og dimed to moglege stereoisomerar: erytrulose i og -konfigurasjon, der sistnemnde førekjem naturleg.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tetrose» frå , den 20. januar 2017.

Bakgrunnsstoff