Papaya (Carica papaya) er ein tropisk treforma plante kjend for papayafrukta. Han høyrer til den biologiske slekta Carica og familien Caricaceae, som også omfattar fleire andre matplantar.
Papaya stammar frå Sentral- og nordlege Sør-Amerika. Han blei fyrst domestisert i Mesoamerika, sør i dagens Mexico Sentral-Amerika. Det veks ville papayaplantar i regnskogen i Mexico, men dei er truga av habitattap. Planten blir dyrka i ei rekkje tropiske område, og veks forvilla i Karibia, Florida og i fleire afrikanske land. Dei to største produsentlanda av papaya i dag er India og Brasil, som saman står for rundt 57 % av verdsproduksjonen.
Ordsoge Ordet «papaya» er avleidd frå det karibiske taino-ordet paapaía. Nokre etymologar har hevda at ordet kjem frå mayaordet páapay-ya, som tyder ‘flekkete sapote’. Den mest utbreidde oppfatninga er at ordet kjem frå taino, sjølv om det er mogleg at dei to orda er i slekt. Ordet papaw eller pawpaw blir nytta om frukta i nokre regionar, men dette namnet viser typisk til planten Asimina triloba og frukta hans.
Skildring
mini|venstre|Papayplante med mogne og umogne frukter på Tenerife.
Papayaplanten er eit lite tre med få greiner. Han kan bli 5-10 meter høg. Stammen blir aldri heilt forveda, men held seg urteaktig. Planten har som regel berre ein stamme, dersom denne ikkje er blitt kappa. Blada veks i ein spiral på toppen av stammen. Den nedre stammen har merke frå tidlegare blad og frukter.
Blada sit som ein rosett med langskafta, skinande blad med sju djupe flikar. Dei er store, med ein diameter på 50–70 cm.
Papayaplantar kan ha ho- eller hannblomar, nokre plantar ber begge deler. Hannblomen er langskafta og hoblomen kortskafta. Blomane er lysegule og sit i lause, skjermaktige standar mellom blada i krona. Fruktene er store og avlange med ei lengd på 15–45 cm. Dei er først grøne i skalet og blir gule eller oransje når dei mognar. Fruktkjøtet er oransjeraudt og frøa er grønsvarte.
Alle plantedelane inneheld lateks i eigne planteceller.
Blomar Papayaplanten er særbu. Blomane er femdelte og svært dimorfe; hannblomane har støvberarar smelta saman med kronblad, medan hobloane har ein fruktknute og fem forvrengde blad som er laust knytte til basen.
Frukt Frukta er eit stor bær som er ca 15–45 cm langt og 10-30 diameter. Når ho er mogen kjennest ho mjuk ut (så mjuk som ein mogen avokado eller mjukare), og skalet har fått ein rav- eller oransje farge. Langs veggene til det store midtholet i frukta er det festa mange svarte frø.
Fruktdelar Papayaskalet, fruktkjøtet og frøa inneheld ein rekke fytokjemikaliar, inkludert karotenoid og polyfenol, i tillegg til benzyl-isothiocyanat og benzyl-glukosinat. Nivået på desse i skal ogkjøt aukar under mogning. Karotenoida, lutein og beta-karoten, er viktige i det gule skalet, medan lycopen er dominant i det raudlege kjøttt (tabell). Papayafrø inneheld òg det cyanogeniske stoffet prunasin. Når ho er grøn inneheld frukta papain, eit cysteinprotease-enzym som blir brukt til å mørna kjøt.
Utbreiing og habitat Papaya veks naturleg i tropiske delar av Amerika, med opphav i sørlege Mexico og Sentral-America. Planten er også rekna som innfødd i sørlege Florida, som han blei innført til av forfedrane til calusasafolk kring år 300 eller tidlegare. Spanjolar innførte papaya til den gamle verda på 1500-talet.
Ville bestandar av papaya finst generelt berre i naturleg forstyrra tropisk skog. Planten kan veksa i store mengder i Everglades etter større syklonar, men er elles sjeldne. I regnskogar sør i Mexico er papaya utbreidd og veks raskt i lysningar medan dei forsvinn i vaksen skog med fullt kronedekke.
Dyrking +Topprodusentar av papaya i 2013LandProduksjon i millionar tonn India 5,5 Brasil 1,6 Indonesia 0,9 Nigeria 0,8 Mexico 0,8Verda 12,4Kjelde: United Nations Food and Agricultural Organization, FAOSTAT
Papaya er ein gammal kulturplante som blei dyrka i vekstområdet lenge før europearar kom til staden. Han er no utbreidd i nesten alle tropiske område, medrekna Hawaii, Sentral-Afrika, India og Australia.
Bruk Mogen papaya har søtt og velsmakande fruktkjøt. Frukta kan etast åleine eller brukast til is, godteri eller syltetøy. Grøn papaya kan brukast som grønsak, til dømes i grøn papaya-salat (thai som tam). Også blad, blomar og frø kan etast. Blada kan til dømes dampast og etast som spinat. Frøa har ein skarp, krydra smak.
Tørka saft frå frukta som inneheld papain blir vunne ut gjennom at ein skjer umogna frukter og samlar det som samlar seg i såra. Papain er eit proteindelande enzym og blir mellom anna brukt til å mørna kjøt og som lækjemiddel ved fordøyingsvanskar. Innan industrien blir papain brukt for å hindra krymping av silke og ull.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Melontræ» frå , og «Papaya» frå den 24. januar 2017. Denne artikkelen bygger på «Papaya» frå , den 24. januar 2017. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Papaya ved frukt.no
Kategori:Kulturplantar frå Sør-Amerika Kategori:Tropisk frukt Kategori:Carica