Wollweber-gruppa var ein kommunistisk sabotasjeorganisasjon som skulle sabotera fascistisk og polsk skipsfart i Skandinavia og Nord-Europa. Organisasjonen vart grunnlagd og leia av tyskaren Ernst Wollweber, og styrt av den sovjetiske tryggingstenesta – NKVD. Offisielt var namnet Organisasjonen mot fascismen og til forsvar for Sovjetunionen.
Organisasjonen bygde opp sabotasjegrupper i fleire nordeuropeiske hamnebyar. Medlemmane var først og fremst kommunistiske sjøfolk og hamnearbeidarar. I Noreg hadde den grupper i Oslo, Bergen og Narvik, desse gruppene utførte 23 kjende sabotasjeaksjonar mot tyske skip i 1937–38. Under det tysk-sovjetiske ikkje-angrepspakta i perioden 1939-41 utførte organisasjonen aksjonar bak dei finske linjene.
Wollweber-gruppene vart rivne opp i dei fleste land i 1940, Ernst Wollweber måtte rømma til Sverige, og vart arrestert der. Martin Rasmussen Hjelmen vart arrestert i Sverige, utlevert til Gestapo i Noreg, og seinare avretta i Tyskland i 1944. I Oslo heldt organisasjonen fram under leiing av sjømannen Asbjørn Sunde, og under hans dekknamn «Osvald» vart organisasjonen den dominerande sabotasjeorganisasjonen i Noreg i perioden 1941—44, med 39 utførte sabotasjehandlingar mot den tyske okkupasjonen.Asbjørn Sunde: Menn i mørket. Dreyer Forlag. Oslo (1947) Side 245-248.
Wollweber-gruppa Fritz Karl «Ernst» Wollweber var ein framståande tysk kommunist. Han var ein av leiarane i sjømannsopprøret i Kiel som førte til slutten av den første verdskrigen. Etter krigen steig han i det kommunistiske hierarkiet og vart i 1931 leiar av den tyske avdelinga av det kommunistkontrollerte internasjonale sjømannsforbundet – ISH.
I 1935 var det klårt kva som var i ferd med å skje i Tyskland. Likevel såg dei europeiske landa på kommunistane som ein større fare enn nazistane, og førte ein ettergjevnadspolitikk mot Tyskland, medan Sovjetunionen vart isolert. På Kominterns 7. kongress vart arbeidd gjennom fagopposisjonen (kommunistiske fagforeiningar) oppgjeve, og eit meir aktivt arbeid mot fascismen gjennom folkefront-politikken vart lansert.
I november 1935 vart Wollweber kalla inn til Moskva og fekk i oppgåve å danna ein «kamporganisasjon» mot Tyskland. Den viktigaste oppgåva skulle vera å hemma skipsfarten til fascistane, gjennom sabotasjeaksjonar. Hovudkvarteret til organisasjonen vart lagt til Oslo. Her treffer Wollweber sjømannen Martin Hjelmen, som får ansvaret for det «nord-atlantiske området».
Eit av dei første praktiske problema organisasjonen møtte var konstruksjon av bombar og innkjøp av sprengstoff. Detta vart løyst ved at kontaktar ved den store malmgruven i Kiruna stal dynamitt frå anlegget, og sende den med malmbanen til Narvik eller Luleå, og vidare med skip til ulike nordeuropeiske hamner. Der tok operasjonsgruppene seg av sprengstoffet, og plasserte det ut i tyske og tysk-allierte båtar. I Kiruna fanst det òg ein teknisk begava kontakt som konstruerte effektive bombar og minar til organisasjonen.
Den første kjende vellukka sabotasjeaksjonen skjedde i september 1937, og fram til årsskiftet 1938/39 utførte organisasjonen over 30 aksjonar. I samarbeid med Gestapo hadde europeisk politi klart å rulla opp gruppene i København, Antwerpen og Rotterdam, men organisasjonen var intakt. Likevel stoppar sabotasjeaktiviteten opp. Ein av grunnene til stoppen kan ha vore at organisasjonen trong tid til å utvikla meir effektive miner. I november 1938 starta utrenskningene i NKVD, og dei fleste av Wollwebers kontaktar vart «fjerna». Seinare vart organisasjonen sett under sterkt press frå politiet, og Sovjet starta ein omlegging av sin politikk mot Tyskland som resulterte i ein ikkeangrepspakt mellom landa i august 1939.
Martin Hjelmen vart arrestert i Sverige i februar 1940. Etter den tyske invasjonen i Noreg rømde Wollweber til Sverige, der han vart arrestert, og organisasjonen vart i praksis oppløyst i dei fleste land. Unntaket var Noreg, der Asbjørn Sunde heldt fram det som skulle verta den meste aktive sabotasjeorganisasjonen på norsk jord.
Osvald-gruppa I Oslo sat Asbjørn Sunde med ein intakt organisasjon, men utan sentrale personar i leiinga og utan kontakt med Moskva eller økonomiske midlar. Det var i den første fasen til krigen ikkje aktuelt å samarbeida med Noregs Kommunistiske Parti. NKP var prega av at okkupasjonsmakta hadde ei ikkjeangrepspakt med Sovjet, og gjorde det første krigsåret lite eller inkje ting for å reisa kamp mot okkupantane. NKPs illusjonar om høva under tyskarane vart broten 16. august 1940 då Gestapo slo til mot partiet, arresterte leiarane og beslagla papir, blant anna til medlems- og abonnentarkiv, slik at tyskarane fekk eit godt oversyn over partiorganisasjonen. Aksjonen mot kommunistpartiet hadde liten innverknad på Wollweber-gruppa eller Osvald-gruppa som den seinare skulle kallast, etter eit av Sundes dekknamn, «Osvald».
Like etter Tysklands angrep på Sovjet – 22. juni 1941 – drog kurerar frå den sovjetiske legasjonen i Stockholm til Oslo med ordre om å starta motstandskampen. Her traff dei representantane for kommunistpartiet som meinte at tida ikkje var inne for motstand. Kurerane drog attende med uforretta sak.
I mellomtida hadde Sunde halde organisasjonen ved like og gjort klar lager med sprengstoff rundt om i landet. 20. juli 1941 fortok dei den første jarnbanesabotasjen, og det var starten på ein serie av aksjonar. Gruppa si «aktive motstandslinje» stod då i opposisjon til NKPs linje, til Milorg og andre deler av Hjemmefronten som ynskte ein meir passiv motstand. Men gruppa var ikkje utan støtte. London-regjeringa gav økonomiske bidrag via «vestkant-organisasjonen» 2A, og gruppa utførte ein del oppdrag for Milorg og Politigruppa, m.a. likvidasjonar, og Osvald-gruppa hadde eit nært samarbeide med politigruppe 2AP som gav verdifull informasjon om planane til tyskarane, agentar osb.
Vinteren 1942 starta NKP oppbygging av militære grupper, den såkalla «Nasjonalgarden». Samstundes hadde Sunde møte med leiaren til kommunistpartiet Peder Furubotn. Arbeidet med Nasjonalgarden mislukkast, og den vert innlemma i Milorg-systemet. Kontakten mellom Furubotn og Sunde held likevel fram. Sunde etablerte eit opplæringssenter for sabotørar i Rukkedalen og rekrutterer eit nettverk av sabotørar i området Torpo-Gol og Rukke-Nesbyen, ned Hallingdal og derfrå til Oslo og Bergen. I september 1942 avtalte Sunde at han skulle halda vaktmannskap til sentralforlegningen til kommunistpartiet i Hemsedal mot å få praktisk og finansiell støtte. Sunde vart NKPs militære leier, og med partiet i ryggen vart organisasjonen meir slagkraftig.
I slutten av oktober 1942 angreip Gestapo NKP-forlegningen i Hemsedal, men Sunde hadde fått varsel frå Politigruppa og partileiinga klarte å flykta, men etterlét seg ein del papir.
Fram til Osvald-gruppa vart nedlagd i 1944, etter ordre frå Moskva, hadde den utført 39 kjende aksjonar i Noreg.Sunde 1947, side 245. Erik Gjems-Onstad meinte gruppa under Sundes leiing gjennomførte 200 sabotasjeaksjonar.
Aksjonar Oversyn over ein del kjende aksjonar gjennomført av Wollweber- og Osvald-gruppa. Lista er ikkje komplett, og ulike kjelder kan vera usamde om detaljar som datoar og liknande. Kjelde for dette oversynet er Lars Borgersrud si bok Naudsynt innsats – sabotørane som skapte den aktive motstanden og Arnfinn Moland si bok Hjemmefrontens likvidasjonar under den tyske okkupasjonen av Noreg 1940-1945.
Skipsaksjonar ?? september 1937 Første aksjon føregjekk i Antwerpen, uidentifisert skip ?? september 1937 Brannbombe i det italienske skipa Alfredo Orani, plassert i Antwerpen eller Rotterdam, ukjent resultat 18 november 1937 Italiensk skip Boccaccio senka i Den engelske kanalen 29 januar 1938 Brannbombe i det polske skipa Batory, oppdaga ?? mars 1938 Tysk skip Saar sprengt, skadar 02 mars 1938 Japansk skip Tajima-maru sprengt i Bremen, skadar 19 mars 1938 Tysk skip Claus Böge senka i Nordsjøen vest for Esbjerg 09 april 1938 Brannbombe i det polske skipa Batory, funnet etter avgang frå København 13 mai 1938 Brannbombe i det tyske skipa Nordeney, funnet i Hamburg 22 mai 1938 Sprengning av dei spanske skipa Cierzo og Abrego i Fredrikshavn, skadar 23 juni 1938 Brannstiftelse mot tysk skip Hestia i Passarges i Spania 27 juni 1938 Sprengning av det tyske skipa Feronia i Kielkanalen, skader 30 juni 1938 Italiensk skip Aventino senka i Middelhavet mellom Tripolis og Tunis 30 juni 1938 Sprengladning funne i det italienske skipa Felce i Taranto 24 juli 1938 Japansk skip Kasii-maru sprengt i Den engelske kanalen, totalskade 07 august 1938 Brannstiftelse mot tysk skip Reliance på hamna i Hamburg, totalforlis 22 september 1938 Sprengning av det tyske skipa Phila i Königsberg, skader Sprengning av det tyske skipa Deutschland ved Newfoundland
Finland Sovjet startar vinterkrigen ved angrep på Finland 30. november 1939. «Wollweber-gruppa» får i oppdrag å utføra sabotasjeoppdrag bak dei finske linjene. Aksjonane vert avblåst etter fredsslutningen 12. mars 1940. 01 mars 1940 Jarnbanesabotasje mot linja Torneå-Kemi, ukjent resultat. 15 mars 1940 Jarnbanesabotasje mot linja i Vasaområdet, ukjent resultat.
Noreg Aksjonane i Noreg starta etter Tysklands angrep på Sovjetunionen 22. juni 1941 og haldne fram inntil «Osvald-gruppa» vart demoblisert hausten 1944, etter ordre frå Moskva.