Johan Taraldsson Wiik () var ein norsk arbeidar og politikar frå Fosnes i Nord-Trøndelag. Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå 1928 til 1957.

Wiik var son til ein plassmann og tømmermann på Otterøya. I ungdomen gjekk han både framhaldsskule og vinterkurs ved Namdal folkehøgskole. Han arbeidde i ulike yrke, både i fiskeri, i sjøfart langs kysten og med losse- og lastearbeid på hamna i Namsos. Eitt år var han maskinagent og i 1918-19 forretningsførar i 'Namdalens Socialdemokrat' i Namsos. Krigsåra 1940-45 dreiv han gard i Kattmarka i Vemundvik herad.

I 1912 var Wiik sentral då Namsos kaiarbeiderforening vart stifta. Han var medlem av Namsos bystyre 1923-28 og 1932-40, varaordførar i 1926 og ordførar i 1927. Hausten 1927 vart han vald til stortingsmann for Arbeidarpartiet. Gjennom seks attval representerte Wiik Nord-Trøndelag og Arbeidarpartiet på Stortinget i 30 år. Han var medlem i Veg- og jarnbankeomiteen til mars 1948 og i Finanskomiteen ut 1949. Frå 1950 hadde han sete i Utanriks- og konstistusjonskomiteen. Han var visepresident i Odelstinget 1948-49 og i Stortinget 1950-57.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar 1931-1933 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Ordførarar i Namsos Kategori:Ap-ordførarar i Nord-Trøndelag Kategori:Folk frå Fosnes Kategori:Folk frå Namsos