Bjarne Fjærtoft () var ein norsk jurist og politikar frå Ålesund. Han var stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal i tida 1954-61, vald for partiet Venstre.
Liv og virke Bjarne Fjærtoft var fødd i Jondal. Far hans var frå matrikkelgarden Nøre-Fjørtoft i Haram herad på Sunnmøre. Han slo seg til som lensmann i Jondal. Sonen vart student i 1920 og tok cand.jur.-eksamen i hovudstaden i 1924. Deretter var han i to år sakførarfullmektig i Vadsø. I 1927 slo Bjarne Fjærtoft seg ned i sunnmørsbyen Ålesund og var aktiv både som overrettssakførar og som forretningsførar for Ålesund Kreditorforening i 20 år, i tillegg var han samstundes kommisjonær for 'Norges Hypotekforening for Næringslivet'. I 1946 fekk han stillinga som byfut i Ålesund, eit yrke han hadde til han vart pensjonert i 1969.
Fjærtoft var medlem i Ålesund bystyre 1947-55, ordførar 1950-51. Men framom alt hadde han ei mengd tillitsverv, både i kommunen, på fylkesnivå og i private verksemder.
Hausten 1953 fekk Fjærtoft andreplassen på Møre og Romsdal Venstre si stortingvalliste, og vart vald inn på Stortinget med god margin. Fire år seinare vart han attvald til ein ny tingperiode. Dei fire fyrste åra på Tinget var han medlem i Administrasjonskomiteen, dei fire siste i Samferdslekomiteen. Han tok ikkje attval i 1961.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stortingsbiografi» henta den 9. februar 2017.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Folk frå Jondal Kategori:Folk frå Ålesund