Kristin Røymo () er ein norsk politikar for Arbeiderpartiet som har vore ordførar og byrådsleiar i Tromsø frå 2015 til 2019. Ho var i perioden 14. oktober 2015-30. juni 2016 byrådsleiar i Tromsø kommune, fram til byparlamentarismen vart erstatta med formannskapsmodellen som styreform i Tromsø. Røymo vart vald som ordførar 14. oktober 2015, men søkte permisjon same dag for å tiltre som byrådsleiar. Jarle Aarbakke var ordførar under permisjonen.

Oppvekst og utdanning Kristin Røymo vaks opp i Helnessund i Steigen kommune, tok vidaregåande utdanning ved Solhaugen videregåande skole i Narvik, og flytta til Tromsø i 1995. Røymo har studert statsvitskap, pedagogikk og psykologi, og har ein mastergrad frå Universitetet i Tromsø i Peace and Conflict Transformatin, MPCT.

Røymo har tidligere jobba ved Færingen Terapeutisk Samfunn, som fagkonsulent og som leiar, ho har jobbet som barnehageassistent, og som fylkessekretær for AUF i Troms. Ho har per januar 2015 permisjon frå stillinga som seksjonsleiar for NAV Arbeidsrådgivningskontor, ved NAV Troms.

Politisk karriere Ho er busett i Tromsø, og vart vald inn i kommunestyret for Ap første gong ved kommunevalet i 1999. Røymo var politisk rådgjevar i Utanriksdepartementet i 2001. Ho var ordførarkandidat for Tromsø Arbeiderparti i 2011, og var gruppeleiar den perioden.«Vil ha debatt om parlamentarisme», iTromsø 24. mars 2014

Røymo var byrådsleiarkandidat for Tromsø Arbeiderparti i 2015, og vart 14. oktober 2015 vald som ordførar i Tromsø. Ein del av avtalen mellom samarbeidspartia Arbeidarpartiet, Rødt og SV, var å erstatte byparlamentarisme, med formannskapsmodellen som styreform i Tromsø. Partia vart samde om å behalde byrådet fram til 30. juni 2016, som ein overgangsfase. Røymo søkte derfor om permisjon for å tiltre som byrådsleiar og Jarle Aarbakke var ordførar under permisjonen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kristin Røymo» frå , den 8. mars 2017.

Kategori:Ordførarar i Tromsø Kategori:Ap-ordførarar i Troms