Olav Madshus () var ein norsk lærar og omsetjar frå Østre Toten.

Madshus voks opp i lærarbustaden ved Nordli skole i Østre Toten, der far hans skulte til han døydde i heller ung alder. Olav Madshus tok opp arven etter faren, og utdanna seg til lærar. Han var lenge tilsett i folkeskulen på Namnå i Grue.

Madshus var mykje med i den frilynde ungdomsrørsla i Glåmdalsbygdene, både som føredragshaldar og tillitsvald i fylkeslaget Varden. Dessutan var han i mange år leiar av Kirkenær blandede kor.

Med ei omsetjing frå 1901 av Macbeth vart Madshus den fyrste som omsette eit verk av William Shakespeare til landsmål. I føreordet skriv han sjølv at dette var «den fyrste freistnaden til ei norsk Skakespeare-umskrift», og takka mellom andre Ivar Mortensson, Steinar Schjøtt og Arne Garborg for god hjelp. Fire år seinare kom han også med Kaupmannen i Venetia.

Kjelder Lokalhistoriewiki

Kategori:Norske skulefolk Kategori:Norske omsetjarar Kategori:Målfolk Kategori:Folk frå Østre Toten Kategori:Folk frå Grue