Lauritz Johan Ananiasson Tvedt () var ein norsk gardbrukar, militær-offiser og politikar frå Manger i Hordaland. Han var stortingsmann for partiet Høgre i tida 1919 til 1930.
Tvedt var son til ein gardbrukar på Tveit i Manger. Etter han tok eksamen ved Garden i hovudstaden, vart han sersjant i 1898. Seinare steig han i gradane, mellom anna til furer i 1915 og var kaptein 1921-35.
Tvedt tok over farsgarden i 1900. Kring 1910 var han i tillegg nokre år disponent for Manger Meieri sitt anlegg i Bergen. Mange år seinare, i tida 1941-43, var han disponent for det samla Bergensmeieriet. Han var dagleg leiar av Alversund og Manger Dampskibsselskap i 34 år; 1908-1942.
Frå 1904 til 1928 hadde Tvedt plass i heradsstyret i Manger, og var då ordførar 1910-13 og frå 1916 til 1928. Valperioden 1919-21 var han stortingsrepresentant frå valkrinsen Nordhordland. Deretter representerte han Hordaland på Stortinget frå 1922 til 1930. Han var i alle år tingmann for partiet Høgre og medlem i Vegkomiteen. I 1926-27 tok han sete i Riksretten i saka mot Berge-regjeringa.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Ordførarar i Manger Kategori:Høgreordførarar i Hordaland Kategori:Folk frå Radøy