Torleiv Moren () var ein norsk målar frå Trysil. Han var son til Sven Moren, og bror til Halldis og Sigmund Moren.
Torleiv Moren utdanna seg ved Statens handverks- og kunstindustriskule 1927–28 og ved Statens kunstakademi i 1928 og 1931. Han debuterte på Høstutstillingen i 1933, og heldt separatutstilling i Kunstnerforbundet i 1936, begge i Oslo. Moren måla «sermerkte, naturnære» bilete frå Trysiltraktene, i ei form og med eit uttrykk «preget av stillhet og intimitet».
Moren, som budde i heimbygda det meste av livet, var formann i Trysil Bygdemuseum perioden 1948-54.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958
Kategori:Norske målarar Kategori:Folk frå Trysil