John Jensen () er ein dansk tidlegare fotballspelar og -trenar frå København, som vart europameister med Danmark i 1992. Midtbanespelaren vann i si tids sju seriegull med Brøndby IF og vart FA-cupmeister 1993 med London-klubben Arsenal FC.

Klubbspel Jensen, med tilnamnet Faxe, var Brøndby-spelar i tre periodar; 1983-88, 1990-92 og 1996-99. I kvar av desse tre periodane var han med å vinne høvesvis to, to og tre seriemeistertitlar med laget frå heimbyen København. År 1987 vart han elles kåra til årets spelar i Danmark. Inn i mellom spelte han på Hamburger SV 1988-90 og Arsenal FC 1992-95. Med Arsenal vann han FA-cupen 1993, men skåra desse sesongane eitt einaste ligamål og vart rekna for ei svært dårleg signering. Sesongen 1999/2000 var han spelande trenar i Herfølge Boldklub, og leidde laget til ein sensasjonell triumf i i den danske toppserien (superligaen). Han la fotballskorne på hylla i 2001.

Landslagsspel Den 24. september 1986 fekk Jensen sin landslagsdebut som innbytar då heimelaget tapte 0-2 mot Vest-Tyskland. Han spelte to av dei tre kampane då Danmark deltok fotball-EM 1988. I den neste europameisterskapen i Sverige fire år seinare, vart han kjend for eit stort fotballpublikum då han gav Danmark leiinga 1-0 mot Tyskland i EM-finalen 1992, ein kamp som enda med 2-0 og dansk EM-pokal. I august 1995 vart han bytta ut då Danmark slo heimelaget Armenia 2-0 i Jerevan. Etter 69 kampar og fire mål i landslagsdrakt kom han ikkje med i fleire landslagstropper.

Merittar Europameister: 1992 med Danmark Dansk seriemeister: 1987, 1988, 1990, 1991, 1996, 1997 og 1998 med Brøndby IF Engelsk cupmeister: 1993 med Arsenal FC Engelsk ligcupmeister: 1993 med Arsenal FC Vinnar av Cupvinnarcupen: 1994 med Arsenal FC Dansk seriemeister: 2000 med Herfølge BK

Kjelder Denne artikkelen bygger på «John Jensen» frå , den 30. april 2017.

eu-football

Kategori:Danske fotballspelarar Kategori:Brøndby-spelarar Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:Hamburg-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1992