Kim Vilfort () er ein dansk tidlegare fotballspelar frå Valby, som skåra det andre målet då Danmark vann EM-finalen 1992 med 2-0 mot Tyskland. Frå 1987 til -98 var han med å vinne ti meistertitlar med Brøndby, sju i serien og tre i cupen. Midtbanespelaren spelte 77 landskampar i tida 1983-96 og skåra 14 mål.

Klubbspel Vilfort spelte på Skovlunde IF til han sommaren 1981 melde seg inn i Boldklubben Frem og fekk sin debut i nasjonal toppfotball. Sesongen 1985/86 var han aktiv på franske Lille OSC, men treivst ikkje med den defensive spelestilen til trenaren. I juli 1986 fekk han kontrakt med Brøndby IF i København, og dei neste tolv åra var han som offensiv midtbanespelar ein sentral aktør på bana og i laget. Han vart elles kåra til årets fotballspelar 1991 i Danmark, jamsides Peter Nielsen.

Landslagsspel Vilfort debuterte for Danmark 5. oktober 1983, men det var fyrst frå 1987 han var jamt å sjå i landslagsdrakt. Han deltok i to av kampane då Danmark rauk ut or EM i fotball 1988 etter innleiingsrundane. Fire år seinare spelte han fire av kampane då Danmark vann europameisterskapen, mellom anna både semifinalen mot Nederland og finalen mot Tyskland. I EM-finalen i Göteborg fastsette han sluttresultatet til 2-0 med ei skåring i det 78. minutt. Under fotball-EM 1996 i England deltok han i sine to siste landskampar, i den 77. og siste i Sheffield vart han bytta ut. Han stod då med 14 landslagsmål.

Merittar Europameister: 1992 med Danmark Dansk seriemeister: 1987, 1988, 1990, 1991, 1996, 1997 og 1998 med Brøndby IF Dansk cupmeister: 1989. 1994 og 1998 med Brøndby IF

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kim Vilfort» frå , den 1. mai 2017.

Kategori:Danske fotballspelarar Kategori:Brøndby-spelarar Kategori:Lille-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1988 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1992 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996