Sverre Aas () var ein norsk lærar og skulesjef. Han var fødd i Leirvik i Hyllestad kommune, vaks opp på Voss og var busett i Leirvik og på Leikanger.
Aas var motstandsmann under 2. verdskrigen. Han vart såra i kampane i Valdres etter invasjonen av Noreg i april 1940. Han var seinare lærar i Hernar, Brekke i Gulen kommune og Leirvik i Hyllestad kommune.
Frå 1962 var Aas konsulent for skuledirektøren i Sogn og Fjordane. Frå 1971 til 1981 var han fylkesskulesjef i Sogn og Fjordane.
Aas hadde tillitsverv i Noregs Mållag og i fråhaldsrørsla. Han var aktiv i Systrond Sogelag.
Agnar Aas er sonen hans.
Bibliografi Bøker
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kjelder Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Gravminner i Norge
Bakgrunnsstoff Om Sverre Aas i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske lærarar Kategori:Forfattarar frå Hyllestad Kategori:Forfattarar frå Leikanger Kategori:Målfolk