Torgeir Flekk (Þorgeirr flekkr) var ein norsk bonde og skald som levde i byrjinga av 1000-talet.
Torgeir Flekk var ein bonde frå Sul (Súla) i Verdalen som ein gong kom til kong Magnus den gode for å klage over ein urett. Han hadde vanskar med å få kongen i tale, og gjorde då eit versLausavise av Torgeir Flekk (Skaldic Project) der han ope sette fram påstanden om at det var drottsvikarane (dróttinssvika) som trengde seg på, medan andre (som han sjølv) som kjempa i kong Olav sin hær, ikkje vart høyrt.
Episoden er nemnt i Heimskringla, i Soga om Magnus den godeSoga om Magnus den gode Snorres kongsesoger, 1993. Diktet skal ha gjort sitt til å vekke Magnus sitt agg mot kong Olav sine fiendar.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske skaldar Kategori:Folk frå vikingtida Kategori:Folk i Heimskringla